Jens Hansen Blom () var ein kjøpmann, tollar og stortingsmann frå Skien. Han var far til Hans Jensen Blom.

Blom var son til ein kjøpmann. Han dreiv ei tid handel i heimbyen, var deretter tollbetjent i Bergen i to år. Frå 1823 var han tollinspektør i Stavanger. Blom representerte Skien og Porsgrunn på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. Han var i 1821 medlem av elleve komitear, sekretær i seks av dei. Mellom anna var han medlem av flaggkomiteen.

Blom døydde i Gjerpen i 1840.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Skien og Porsgrunn Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Norske tollarar Kategori:Folk frå Skien