Ahyee Aye Elvis () er ein ivoriansk fotballspelar som spelar for Sogndal i den norske eliteserien. Elvis kom til Sogndal frå den ivorianske klubben Stella Club d'Adjamé i 2004, då Sogndal spelte i Tippeligaen. Han følgde med klubben ned i Adeccoligaen då dei rykte ned same sesongen, og spelte sin 100. seriekamp for Sogndal i 2010-sesongen. Han spelte då i dei fleste av Sogndal sine kampar, i sesongen då klubben rykte opp att i Tippeligaen. Då Sogndal starta tippeligasesongen 2011, var Elvis den einaste spelaren som var igjen frå laget som rykte ned i 2004. Elvis er gift og har ein son.

Fotnotar

Kjelder Sogndal Fotball sine heimesider

Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Ivorianske fotballspelarar