Eurovision Song Contest 1991 var den 36. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemsorganisasjonane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Konkurransen vart arrangert av den italienske ålmennkringkastaren Rai laurdag 4. mai 1991, etter at Italia vann året før med «Insieme: 1992» og Toto Cutugno. Rai la først finalen til Sanremo i Italia, men flytta finalen til Cinecittà i Roma eit par månader før konkurransen. Årsaka skal ha vore Golfkrigen og den aukande uroa i nabolandet Jugoslavia. Rai meinte difor at Roma var ein tryggare stad å arrangere konkurransen. Programleiarar var den første italienske Eurovision-vinnaren, Gigliola Cinquetti, og fjorårsvinnaren Toto Cutugno.
Til saman deltok 22 land. Nederland valde å stå over konkurransen, sidan finalen fall på landet sin minnedag for offera frå andre verdskrigen. I staden tok Malta den ledige plassen og kom tilbake etter 16 års fråvær.
Avøystinga var svært kaotisk og tett, og både Sverige og Frankrike enda på førsteplass med 146 poeng. Etter å ha telt talet på tolvpoengarar, vart Sverige kåra til vinnar med Carola og «Fångad av en stormvind». Frankrike vart dimed nummer to, medan Israel kom på tredjeplass. Spania og Sveits utgjorde resten av topp fem. Noreg var representert av gruppa og songen «». Bidraget var internt valt av NRK etter at kringkastaren avlyste Melodi Grand Prix kort tid før den norske finalen. Dette er framleis det einaste norske bidraget som ikkje har delteke i ein Melodi Grand Prix-finale. I Roma vart Noreg nummer 17 av 22 med 14 poeng. Bakgrunn Etter å ha vunne konkurransen med «Insieme: 1992» året før, var det Italia som var vertskap for konkurransen dette året. Rai valde å leggje konkurransen til badebyen Sanremo, heilt vest i landet. Byen er kjend som vertskap for den årlege Sanremo-festivalen, som òg er inspirasjonskjelda til Eurovision Song Contest.
Nokre månader før finalen valde likevel kringkastaren Rai å flytte heile arrangementet til filmbyen Cinecittà, like utanfor Roma. Årsaka til den brå flyttinga var den pågåande Golfkrigen og dei aukande urolegheitene i Jugoslavia. Rai meinte difor at hovudstaden Roma var tryggast, trass i protestar frå både EBU og byen Sanremo.
Flyttinga gav Rai kort tid til å planleggje og førebu produksjonen. NRKs delegasjonsleiar Pål Veiglum var ein av dei som var frustrerte over organiseringa av finalen: «Informasjonsflyten har vore dårleg. Dei ulike ledda i organisasjonen har ikkje vore godt nok koordinerte. Under generalprøvane var artistane sitt ‘green room’ ikkje ferdig», sa Veiglum, som likevel gav Rai ros for den tekniske produksjonen.
Konkurransen vart lagd til laurdag 4. mai 1991, noko som samanfall med Nederland sin minnedag for falne i krig. Dette gjorde at Nederland valde å trekkje seg frå konkurransen, og dermed vart det ein ledig plass til Malta, som i fleire år hadde uttrykt ønske om å delta igjen. Dette var Malta si første deltaking i konkurransen sidan 1975. Deltakartalet heldt seg dermed stabilt på 22 land.
Rai valde dei to italienske Eurovision-vinnarane til programleiarar: Gigliola Cinquetti, som vann med «Non ho l'età» i 1964, og Toto Cutugno, som vann med «Insieme: 1992» i 1990. Dei to programleiarane gjorde all introduksjon og manus på italiensk, trass i at det ikkje er eitt av dei offisielle språka til EBU, engelsk og fransk. Det italienske manuset fekk dei norske kommentatorane Jahn Teigen og John Andreassen til sarkastisk å kommentere: «Ja, viss Noreg vinn i kveld, så kan vi berre snakke norsk neste år.» Sendinga miniatyr|Svenske Carola vann konkurransen med «Fångad av en stormvind». Her fotografert i 2015. Finalen starta med ein førehandsinnspelt musikkvideo med artisten som song «Celebration». Carlson hadde på denne tida gjort suksess etter ei rekkje opptredenar på italiensk TV og var kjend for det italienske publikummet.
Etter dette dukka programleiarparet Gigliola Cinquetti og Toto Cutugno opp på scena og ønskte publikum og sjåarar velkomne. Deretter framførte dei vinnarsongane sine: «Insieme: 1992» og «Non ho l'età». Som plaster på såret for at showet vart flytta til Roma, vart det òg vist ein kortfilm med bilete frå Sanremo – der konkurransen opphavleg skulle ha vore arrangert.
Deretter starta presentasjonen av dei 22 deltakersongane. Rekkefølgja var avgjord ved loddtrekking hausten før, og Jugoslavia opna konkurransen, medan vertslandet Italia avslutta. Kvart land vart introdusert med ein kortfilm der landet sin artist song ein kjend italiensk song. Den norske gruppa song «Luciasongen». Før kvart bidrag gav òg programleiarane ein kort presentasjon av artist og dirigent – fleire gonger undervegs gjekk Toto Cutugno utanom manus og byrja å småprate og flørte med artistane.
Fleire artistar var tilbake i konkurransen. Mellom dei var islandske Stefán Hilmarsson, som hadde delteke i 1988, og austerrikske Thomas Forstner, som hadde delteke i 1989. To av dei norske deltakarane hadde òg delteke tidlegare: Hanne Krogh i 1971 og 1985 – og hadde delteke for Island i 1986. Den irske deltakaren som enda på andreplass året før, , var denne gongen låtskrivar og støttevokalist. Men det var ein annan tilbakevendande artist som fekk mest merksemd: svenske Carola, som hadde vorte nummer tre i 1983 med «Främling». Denne gongen var ho tilbake med slageren «Fångad av en stormvind», akkompagnert av to mannlege dansarar og ei vindmaskin. På førehand var Carola nemnd som ein mogleg vinnar, men under framføringa hennar forsvann lyden i salen. Ho fekk likevel ikkje opptre på nytt før avrøystinga, sidan lyden ut til TV-sjåarane og juryane fungerte som han skulle. Trass lydproblema gjennomførte Carola utan problem, og ho skulle seinare vinne finalen etter ei særs tett røysting. Det norske bidraget Det norske bidraget var «», skrive av , og . Songen vart framført av gruppa , som bestod av Hanne Krogh, , og Eiríkur Hauksson. For første og einaste gong var det norske bidraget internt valt av NRK. Årsaka var at kanalen avlyste den norske finalen éin månad før finalen skulle ha vore arrangert. Juryen meinte nemleg at ingen av dei 140 innsendte songane var gode nok.
I den internasjonale finalen var Noreg det 14. bidraget på scena, og dirigerte for Noreg. Just 4 Fun vart i tillegg støtta av to koristar, der var den eine. Kommentator for NRK Fjernsynet og NRK P2 var og Jahn Teigen. Etter finalen sende P2 programmet Roma like etter – direkte frå Roma med og som programleiarar. las dei norske røystene frå NRK Marienlyst i Oslo. I røystinga fekk «Mrs. Thompson» 14 poeng og vart nummer 17 av 22. Ei kaotisk avrøysting Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmer mellom 16 og 60 år som vurderte dei andre landa sine songar. For første gong på mange år fekk òg musikk- og bransjefolk sitje i jurygruppene. Tidlegare hadde jurygruppene berre bestått av lekfolk utan tilknyting til musikkbransjen. Songen som fekk flest juryrøyster, vart tildelt 12 poeng frå den nasjonale juryen. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land.
Avrøystinga vart ei lang og kaotisk affære. Undervegs hadde programleiarparet tidvis store problem med å forstå kva poengopplesarane sa. Då Storbritannia skulle gi sine poen, sa Cinquett til Cutugno: «Quando parlano in inglese non capisco mai nulla» (når de snakker engelsk, forstår jeg ingenting). Cinquetti og Cutugno gjorde fleire feil undervegs, og dei prata gjentatte gongar i munnen på poengopplesarane. Den legendariske kommentatoren i BBC, Terry Wogan, utbraut til slutt: «Eg har aldri hørt så mykje prat i Eurovision i heile mitt liv» og «vi ser ekstrem idioti frå visse personar på scena». Fleire gonger måtte EBUs oppsynsmann bryte inn og rette programleiarane.
Kaoset vart ytterlegare forsterka då ein ikkje fekk kontakt med den tyrkiske juryen. Programleiarane ville fleire gongar gå vidare, men ein fekk til slutt kontakt med Tyrkia. Linja var derimot svært dårleg, og det var vanskeleg å høyre den tyrkiske poengopplesaren. Til slutt måtte Frank Naef trå til og gjenta poenga for å hjelpe Cinquetti og Cutugno.
Betre vart det ikkje då avrøystinga utvikla seg til å bli ein thriller. Flere land kjempa om sigeren, og til slutt slutt stod både Sverige og Frankrike att på topp med 146 poeng kvar. Dette var første gong på 22 år at fleire land delte førsteplassen. No fanst det likevel reglar for å kåre éin vinnar: Ein talde først talet på 12-poengarar, og dersom det var likt, gjekk ein vidare til talet på 10-poengarar og så vidare.
Både Sverige og Frankrike hadde fått fire tolvpoengarar kvar, men Sverige hadde fått fem tiarar, medan Frankrike berre hadde fått to. Dermed vart Sverige kåra til vinnar – landet sin tredje siger i konkurransen. Den norske juryen hadde Frankrike som favoritt og Sverige på tredjeplass.
PlassLandArtistPoeng12 poeng10 poengPoeng frå1Carola1464517 av 21 land2Amina1464218 av 21 land
Desse reglane galdt berre for å skilje ut ein vinnar, ikkje for dei andre plasseringane. Året før hadde Frankrike og Irland fått same poengsum og delt andreplassen.
Deltakere Liste over deltakerne og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølge, plasseringen og poengsummen finnes i kolonnene til høyre. Startnr.LandArtistSongSpråkPlassPoeng01«» (Бразил)Serbokroatisk21102«»Islandsk152603«»Engelsk610604«» (Άνοιξη)Gresk133605«»Italiensk511806«»Tysk22007«»Fransk142908Carola«Fångad av en stormvind»Svensk114609«»Fransk214610«»Tyrkisk124411«»Engelsk104712«»Portugisisk86213«»Dansk19814«»Norsk171415«» (כאן)Hebraisk313916«»Finsk20617«»Tysk181018«»Nederlandsk162319«»Spansk411920Samantha Janus«»Engelsk104721«»Gresk96022«»Napolitansk-kalabresisk789
Artistar som hadde delteke tidlegare ArtistLandDeltok iMerknadarStefán Hilmarsson (del av Stefán og Eyfi)1988Som del av gruppa Beathoven (del av )1986Representerte Island som del av gruppa ICYHanne Krogh (del av )19711985 Vann i 1985 som del av BobbysocksCarola1983Thomas Forstner1989
Røystegjeving Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. DeltakarlandPoenggjeavande landSumPlass Jugoslavia 1 121 Island 4 10 5 72615 Malta1 264101227127 6 10467 101066 Hellas4 5 2 1 141 15 1023613 Sveits55 7812842265385612 8841185 Austerrike 022 Luxembourg 4 51 3 24 32 322914 Sverige612 10107 6310128108121041261461 Frankrike10738712 5 75 12121087867121462 Tyrkia 7 7 8 7 25 84412 Irland3 4 318 4 7 1225 4 34710 Portugal 8 41 27105 12 7 10 41628 Danmark 3 5 819 Noreg 6 1 1 2 4 1417 Israel1210858 56312841076 8121051393 Finland 1 1 4 620 Tyskland 6 1 31018 Belgia 3 25 3 32 52316 Spania82610127646868 424761121194 Storbritannia 103563 1 13 5 3 164710 Kypros231212 4 12 53 6 1 609 Italia7 262 8101012 10312 7 897
12 poeng Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som vart tildelt under avrøystinga. TalLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng4 FrankrikeAusterrike, Israel, Italia, Noreg SverigeDanmark, Island, Storbritannia, Tyskland3 IsraelJugoslavia, Spania, Tyrkia KyprosFrankrike, Hellas, Malta2 ItaliaFinland, Portugal MaltaIrland, Sverige SpaniaKypros, Sveits SveitsBelgia, Luxembourg
Dirigentar Mens Bruno Canfora var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.
Pete Knutsen Kobi Oshrat
Ronnie Hazlehurst
Kommentatorar og poengopplesarar Poengopplesarar Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon. Under er talspersonane i same rekkefølgja som under avrøystinga.
Mebrura Topolovac Guðríður Ólafsdóttir Dominic Micallef Fotini Giannoulatou Michel StockerBaumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland) Gabriele Haring Jean-Luc Bertrand Bo Hagström Daniela Lumbroso Canan Kumbasar