mini| Eurovision Song Contest 1996, også kalla Eurosong '96, var den 41. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert av NRK laurdag 18. mai 1996 i Oslo Spektrum, etter at Secret Garden vann med songen «Nocturne» året før. Dette var andre gongen Eurovision Song Contest blei arrangert i Noreg, og den fyrste som blei halden i Oslo. Programleiarane var nyheitsankeret Ingvild Bryn og a-ha-vokalisten Morten Harket.
EBU heldt talet på deltakarland på 23 land og arrangerte ei førehandskvalifisering der 29 land skulle bli redusert til 22. Førehandskvalifiseringa blei ikkje filma eller vist på fjernsyn, og juryane bedømde bidraga frå dei andre landa berre ut frå lydopptak. Landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel, Makedonia, Romania, Russland, Ungarn, og ikkje minst Tyskland som mista sin fyrste og hittil einaste finale i historia til Eurovision Song Contest. Noreg var direktekvalifisert som vertsnasjon og deltok difor ikkje i kvalifiseringa.
Irland tok sin sjuande siger med «The Voice», framført av Eimear Quinn og komponert av . Dette var den fjerde sigeren til Irland på fem år. Noreg og Elisabeth Andreassen kom på andreplass med «». Sverige blei nummer tre med «Den vilda», mens Kroatia og Estland utgjorde resten av topp fem. Dette var Kroatia og Estland sine beste plasseringar til då. Dette same gjaldt for sjetteplassen Portugal, som var den beste plasseringa til Portugal siden debuten i 1964. Den portugisiske rekorden blei ikkje slått før vann med «Amar pelos dois» 21 år seinare. Ein av dei store førehandsfavorittane, Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» frå Storbritannia, innfridde ikkje og enda på åttandeplass.
Bakgrunn venstre|miniatyr|Eurovision Song Contest 1996 blei arrangert i Oslo Spektrum. Som vinnar av Eurovision Song Contest 1995 var Noreg og NRK vert for konkurransen dette året. Like etter sigeren til Secret Garden med «Nocturne» begynte spekulasjonane om kor i Noreg finalen skulle bli arrangert. To veker etter den norske sigeren vurderte NRK fire forskjellige arenaar: Gjøvik Olympiske Fjellhall, Vikingskipet på Hamar, Oslo Spektrum og Håkons Hall i Lillehammer. 31. mai 1995 kunngjorde NRK at konkurransen skulle bli arrangert i Oslo Spektrum laurdag 18. mai 1996. Eit av krava var at Oslo kommune skulle stille Oslo Spektrum til disposisjon gratis.
NRK marknadsførte arrangementet under namnet Eurosong '96. Namnet blei droppa året etter, og siden har konkurransen gått under sitt fulle namn, Eurovision Song Contest. Odd Arvid Strømstad var hovudprodusent, mens var regissør.
Førehandskvalifisering For å redusere talet på deltakarland, innførte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) dette året for fyrste gang ein førehandskvalifisering. Eit liknande konsept hadde , men nå måtte samtlige 29 land gjennom kvalifiseringa. Berre vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen i Oslo.
Sjølve kvalifiseringa blei gjennomført på ein enkel måte, og kvalifiseringa blei korkje sendt på tv eller radio. Kvart land hadde en nasjonal jury som høyrde gjennom dei andre songane på band og røysta i same stil som i Eurovision Song Contest: 1–8, 10 og 12 poeng. Dei 22 beste landa kvalifiserte seg til finalen i Oslo 18. mai. Blant landa som ikkje kvalifiserte seg var Danmark, Israel og Tyskland. Ved at Tyskland ikkje kvalifiserte seg, har ingen land deltatt kvar gong sidan 1956.
I ettertid kom det kritikk mot kvalifiseringsmetoden, ikkje minst frå Tyskland, som er ein av dei største økonomiske bidragsytarane til konkurransen. Konkurransen i 1996 er framleis den einaste gongen at Tyskland ikkje har deltatt i Eurovision Song Contest. Kvalifiseringsordninga blei difor endra året etter, då skulle i staden gjennomsnittspoengsummen til landa frå åra 1993–1996 avgjere om landet kvalifiserte seg eller ikkje.
Sendinga Finalen blei arrangert i Oslo Spektrum laurdag 18. mai frå klokken 21.00 til 00.10 sentraleuropeisk tid. Programleiar Mortenen Harket opna sendinga med å syngje sin nyaste låt, «», før medprogramleiaren Ingvild Bryn dukka opp på scena. Til saman deltok 23 land, og dei fleste songane blei akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Frode Thingnæs var sjefdirigent for orkestret.miniatyr|Morten Harket leia sendinga saman med Ingvild Bryn.I finaleveka truga dirigentane frå dei ulike deltakarlanda med å gå til streik. Årsaka var at NRK ønskte å spare tid ved ikkje å vise dirigentane før kvar enkelt song. Konflikten blei løyst nokre dagar før finalen, og dirigentane dukka tradisjonen tru opp på tv-skjermen før kvart bidrag.
Scena var bygd i ulike metallkonstruksjonar og hadde eit vassbasseng som skjørtekant. Scena skulle illustrere ei oljeplattform og var eigentleg tre scener i eitt. Det gjorde at kvar song blei framført på ulike delar av scena for å spare tid med å rigge til kvart enkelt nummer.
1996-konkurransen førte også med seg fleire nye innslag. Blant anna blei kvart land presenterte med eit postkort med ei lykkeønsking frå ein politisk leiar eller utsending frå det aktuelle landet. I Noreg sitt tilfelle var det statsminister Gro Harlem Brundtland som ønskte lykke til.
Den andre nyvinninga var at avrøystinga blei gjennomført med . Dei einaste fysiske gjenstandane i «det blå rommet» var programleiar Ingvild Bryn, to bord og scenegolvet ho stod på. På den blå skjermen la produsentane inn den elektroniske poengtavla og skjermar der poengopplesarane dukka opp.
Pausenummeret før avrøystinga var eit song- og dansenummer kalla «Vardebrenning», laga av . Nummeret var todelt og starta med ein film laga av Nils Gaup, der sjåarane fekk ei musikalsk rundreise i Noreg med stev, jazz og norsk folkemusikk. I filmen deltok musikarar som , Bukkene Bruse, , , , The Brazz Brothers, Mari Boine og Terje Rypdal.
Nummeret blei avslutta med eit dansenummer i Oslo Spektrum, utført av dansarane frå . Egil Monn-Iversen hadde komponert og arrangert musikken, mens Runar Borge stod for koreografien.
Det norske bidraget miniatyr|Ragnhild Sælthun Fjørtoft las poenga frå den norske jurygruppa direkte frå scena. Elisabeth Andreassen representerte Noreg for tredje gong, og deltok for fjerde gong, etter å ha vunne ein overlegen siger i den norske finalen i slutten av mars. Vinnarbidraget «» var skrive av som også hadde sendt songen inn i 1991, året då NRK avlyste den norske finalen.
I forkant av den internasjonale finalen var låten rekna som ein mogleg vinnar, og «I evighet» var det tolvte bidraget ut på scena i Oslo Spektrum. I avrøystinga fekk «I evighet» 114 poeng og enda på ein andreplass. Dette er den fjerde beste plasseringa til Noreg i Eurovision Song Contest, og framleis den einaste andreplassen til Noreg i konkurransen. Han er også den einaste sølvvinnaren i Eurovision Song Contest som ikkje har fått 12 poeng, men songen fekk 10 poeng frå Sverige, Nederland og Slovenia.
Frode Thingnæs dirigerte det norske bidraget, mens spelte panfløyte og Rolf Graf keyboard. hadde designa kjolen til Elisabeth Andreassen.
kommenterte sendinga på NRK1, mens og Anita Skorgan kommenterte for NRK P1. Ragnhild Sælthun Fjørtoft las dei norske jurypoenga, men ikkje via satellitt. I staden dukka ho overraskande opp på scena i Oslo Spektrum og las opp poenga derfrå.
Avrøystinga Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 10. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå si nasjonale jurygruppe via telefon på direkten under avrøystinga. Unntaket var norske Ragnhild Sælthun Fjørtoft som las dei norske poenga frå Oslo Spektrum. Konkurransesjef og overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz fra EBU. miniatyr|Eimear Quinn vann den fjerde sigeren til Irland på fem år. Dette var siste året at resultatet eine og åleine blei avgjort av nasjonale jurygrupper. Året etter innførte EBU ei prøveordning der sjåarane i fem land (Austerrike, Storbritannia, Sveits, Sverige og Tyskland) kunne røyste via telefon. I 1998 blei telefonavrøysting obligatorisk for alle deltakarland med adekvat teknisk infrastruktur.
I byrjinga av avrøystinga var det ingen songar som stakk seg ut, og fleire land veksla på å leie. Poenga frå de ulike nasjonale jurygruppene fortsette å sprike, men etter kvart stakk Irland frå og vann til slutt klårt med 162 poeng – 48 poeng føre Noreg på andreplass.
Noreg låg lenge langt nede på resultatlista, men etter fleire høge poengsummar midtvegs i avrøystinga, gjekk Noreg opp på ein andreplass. Til slutt fekk Norge 114 poeng og kom på andreplass. Sverige blei nummer tre, Kroatia nummer fire og Estland nummer fem. Portugal fekk sin beste plassering til då, ein sjetteplass, med «» sungen av . Ho skulle seinare spele rolla som hushjelpa Aurélia i filmen .
Finland kom på sisteplass med berre 9 poeng – to poeng frå Noreg og sju poeng frå Island.
Deltakarar Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre. Startnr.LandArtistSangSpråkPlassPoeng 01 «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 12 57 02 Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 8 77 03 «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17 04 «» Portugisisk 6 92 05 «Móno ja mas» (Μόνο για μας) Gresk 9 72 06 «In a Woman's Heart» Engelsk 10 68 07 «Sveta ljubav» Kroatisk 4 98 08 «Weil's dr guat got» Vorarlbergisk 10 68 09 «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22 10 «Emís foráme to khimóna anixiátika»(Εμείς φοράμε το χειμώνα ανοιξιάτικα) Gresk 14 36 11 og «Kaelakee hääl» Estisk 5 94 12 Elisabeth Andreassen «» Norsk 2 114 13 Dan Ar Braz og «Diwanit bugale» Bretonsk 19 18 14 «Dan najlepših sanj» Slovensk 21 16 15 og «De eerste keer» Nederlandsk 7 78 16 «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 16 2217 Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 1 162 18 «Niin kaunis on taivas» Finsk 23 9 19 «Sjúbídú» Islandsk 13 51 20 «Chcę znać swój grzech …» Polsk 15 31 21 Bosnia-Hercegovina «Za našu ljubav» Bosnisk 22 13 22 «Kým nás máš» Slovakisk 18 19 23 «Den vilda»Svensk 3 100
Kvalifiseringsrunde Landa under hadde sendt inn bidrag til kvalifiseringsrunden. 29 land skulle bli redusert til 22, og kvart land hadde ei jurygruppe som bedømde bidraga frå dei landa. Kvar jurygruppe gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Songane blei bedømde etter lydopptak, og kvalifiseringsrunden blei aldri kringkasta eller tatt opp. Sjølv om Makedonia deltok i kvalfiseringsrunden, blei denne songen aldri klassifisert som eit offisielt bidrag. Difor debuterte Makedonia offisielt først i 1998. Landa i rosa kvalifiserte seg til finalen i Oslo. Sidan Noreg var vertsnasjon, deltok ikkje «» i kvalifiseringsrunden.