In Your Mind er det fjerde studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, som soloartist. Det var det første soloalbumet hans med berre originale songar, gjeve ut under ein fire år lang pause for bandet hans Roxy Music. På grunn av pausen la Ferry ut på ein lang turné etter albumet kom ut.

Mottaking

The Village Voice-kritikaren Robert Christgau skreiv: «Ferry har skreddarsydd ei ny rekkje med songar for solokonseptet sitt, i staden for å låne frå tidlegare Roxy eller hans ringe forfedrar, og særskild på side ein er greiene jordnære på appellerande vis.» I 1992 skreiv Mark Coleman i The Rolling Stone Album Guide at «In Your Mind strevar etter den forblåste, friske innverknaden av Roxy Music-klassikaren Siren. Dei mange Ferry-komposisjonane er gledelege, men sjølv dei mest fengande ('Tokyo Joe,' 'Party Doll') strevar med å gjenskape Roxy sine kjende romantiske og musikalske tema.»

AllMusic-kritikaren Ned Raggett skreiv seinare at In Your Mind «er framleis det løynde høgdepunktet i karrieren til Ferry, eit energisk album som hadde fått langt meir merksemd om det hadde vore eit Roxy-album.»

Innhald

Medverkande Bryan Ferry - vokal, keyboard Chris Spedding - gitar Phil Manzanera - gitar Neil Hubbard - gitar Paul Thompson - trommer John Wetton - bass John Porter - bass David Skinner - piano Ann O'Dell - strykearrangement Chris Mercer - saksofon, hornarrangement Mel Collins - saksofon, hornarrangement Martin Drover - trompet Ray Cooper - perkusjon Morris Pert - perkusjon Preston Heyman - trommer Jacquie O'Sullivan, Helen Chappelle, Dyan Birch, Paddie McHugh, Doreen Chanter - korvokal

Teknisk Steve Nye – lydteknikar Ross Cullum – assisterande lydteknikar Nigel Walker – assisterande lydteknikar Nick de Ville – design Bob Bowkett (C.C.S.) – kunst Monty Coles – fotografi

Salslister Vekeslister Liste (1977) Plassering Australske album (Kent Music Report) 2 Den japanske albumlista (Oricon) 96

Årslister Liste (1977) Plassering Australske album (Kent Music Report) 8

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «In Your Mind» frå , den 13. april 2011 og 19. juli 2021. oppgav desse kjeldene: David Buckley (2004). The Thrill of It All: The Story of Bryan Ferry and Roxy Music

Bakgrunnsstoff Roxyrama Viva Roxy Music British certification

Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Album produserte av Steve Nye Kategori:E.G. Records-album