Lattakia (arabisk اللَاذِقِيَّة, al-Lādhiqīyah) er den største hamnebyen i Syria, i tillegg til å vere hovudstaden i Lattakia guvernement. Byen er i tillegg til hamneby eit senter for dei kringliggande jordbruksbyane og landsbyane. Ifølgje folketeljinga i 2004 er folketalet i byen 383 786.Folketal på . Han er den femte største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus, Homs og Hama, og grensar til Tartus i sør, Hama i aust, og Idlib i nord.

Sjølv om staden har vore busett sidan 1000-talet fvt., vart den moderne byen grunnlagd på 300-talet fvt. under styret til selevkidane. Lattakia vart så styrt av romarane, så omajadane og abbasidane på 700-900-talet evt. Under styret deira gjekk bysantinarane ofte til åtak på byen, og heldt i periodar byen før dei tapte han att til arabarane, særleg fatimidane. Sidan vart Lattakia styrt av seldsjukk-tyrkarar, krossfararar, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane. Etter fyrste verdskrigen vart Lattakia ein del av det franske mandatet i Syria, der han tente som hovudstad i eit sjølvstendig område busett av alawittar. Dette sjølvstendige området vart Alawittarstaten i 1922, og erklærte seg sjølv fleire gonger sjølvstendig før det vart innlemma i Syria i 1944.

Etymologi Som mange selevkidebyar vart Lattakia kalla opp etter ein herskar i dynastiet. Han fekk første namnet Laodikea (gresk Λαοδίκεια ἡ Πάραλος, som òg vert skrive Laodikeia eller Laodikeia), av Selevkos I Nikator til ære for mora si, Laodike. Det originale namnet overlevde i den arabiske forma som al-Ladhiqiyyah (arabisk اللاذقية), som det franske franske Lattaquié og internasjonale Latakia eller Lattakia kjem frå.le Strange, 1890, s.380.Ball, 2000, s.157 Osmanarane kalla byen tyrkisk Lazkiye, medan det latinske namnet er latinsk Laodikea ad Mare.

Historie

Antikken Staden der Lattakia ligg, på neset Ras Ziyarah«Ras Ziyarah», tyder, «Vitjingsneset (Ziyarah)»"Prostar Sailing Directions 2005 Eastern Mediterranean Enroute», s. 38 har vore busett i lang tid. Den fønikiske byen Ramitha låg her, som av grekarane vart kalla Leukê Aktê, «kvitekysten». Ramitha er datert attende til minst 1000-talet fvt. og var ein del av kongedømet Ugarit som låg litt lenger nord. Etter kvart som makta til Ugarit forsvann mot slutten av 1000-talet fvt, gjorde den gode hamna at Ramitha vart meir viktig.

Busetnaden vart ein del av Det assyriske riket, og fall seinare til persarane, som innlemma han i distriktet Abar-Nahara, på andre sida av elva. Han vart erobra av Aleksander den store i 333 fvt., etter sigeren hans i slaget ved Issus over den persiske armeen leia av Darius III, og markerte starten på den hellenistiske tida i Syria.Ring, 1994, s.451

Etter Aleksander den store døydde i 323 fvt., fall Nord-Syria under Selevkos I Nikator sin kontroll. Han grunnla byen Laodikea, ein av fem byar kalla opp etter mor si, Laodike. Laodikea vart eit hovudsenter for gresk kultur og ein av dei nye hovudkvartera for satrapen. Han var hovudhamna for Apamea, som han hadde vegsamband til over Alawifjella. Laodikaea vart ei viktig hamn, den nest viktigaste etter Selevkia Pieria. Han danna ein tetrapolis, med Antiokia, Selevkia Pieria og Apamea, og desse fire byane i selevkidane sitt Syria vart knytte saman i ein union kalla syrisk tetrapolis.

Byen vart skildra i Strabon sin Geografika:

Romersk styre mini|Tempelet til Bacchus i Lattakia.

I 64 fvt., avskaffa den romerske legaten Pompeius formelt Selevkideriket og skapte den nye romerske provinsen Syria. Under maktkampen mellom Augustus og Marcus Antonius, klarte sistnemnte å vinen støtte frå Laodikea under det korte styret hans av Syria ved å gje etter somme skattar og love sjølvstyre. Etter nederlaget til Marcus Antonius, endra romarane namnet på Laodikea til Laodikea-ad-Mare, og byen blømde igjen som ei transitthamn for handel mellom aust og vest, og hadde berre Antiokia over seg på rangstigen. Denne handelen vart systematisert ved å bygge Via Maris, ein kystveg som gjekk frå Antiokia til Damaskus og Beirut via Laodikea. I det første hundreåret fvt., gav Herodes den store, kongen av Judea, byen ein akvedukt, og restane av denne står framleis aust for byen. I starten sette romarane ut fire legionar i Syria, og ein av desse, Legio VI Ferrata, var truleg plassert i Laodikea.Ring, 1994, s. 451–452

I 193 evt. vart byen plyndra av guvernøren av Syria, Pescennius Niger, i opprøret hans mot den nye keisaren, Septimius Severus. I 194 omorganiserte Septimius Severus Syria inn i fem nye provinsar. Ein av desse, Koilesyria, inkluderte heile det nordlege Syria og hadde ei kort stund hovudstaden i Laodikea før han vart flytta til Antiokia. Septimius Severus rekna Antiokia for å vere meir degenerert enn Laodikea, og prøvde å straffe Antiokia for å ha støtta opprøret til rivalen Pescennius Niger.

Septimius Severus gav Laodikea fire søylegangsgater som delte byen i ei rekkje rektangel. Romerske Laodikea var basert på byplanen til selevkidane og vart lagt ut langs ein vertikal akse som strekte seg 1,5-2 kilometer frå nord til sør, og knytte sentrum av byen til den nordlege vegen til Antiokia, og danna cardus maximus (hovudhandelsgata). Aust-vest-aksen bestod av tre hovudgater: den første knytte hamna til festninga, den andre knytte hamna til Apamea-vegen og den tredje knytte hamna til ein monumental firevegs boge, eller tetrapyl, somv art reist over krysset med den nord-sørgåande søylegangsgata. Septimius bygde òg bad, eit teater, ein hippodrom, fleire heilagdomar og andre offentlege bygg i byen. Roma rekna Laodikea som ein særs viktig hamneby i den høgt skatta provinsen Syria.Ring, 1994, s.453

Gjennom 200- og 300-talet var Laodikea avhengig av Antiokia. I 272 vart byen erobra av Zenobia, dronninga i Det palmyrenske riket, etter ho mislukkast i å ta Antiokia frå keisar Aurelian. Etter opprøret i Antiokia i 378, fekk Laodikea ny gunst hos keisaren og nytte høg velstand fram til bysantinsk tid. I 494 vart byen øydelagd i det første av ei rekkje jordskjelv. I 528 skapte keisar Justinianus I av Austromarriket den nye provinsen Theodorias av eit kystbelte kring Laodikea, og bygde opp att og forsterka byen mot den aukande persiske trugselen. I 555 råka eit nytt kraftig jordskjelv Latakia.

Ein stor jødisk folkesetnad budde i Laodikea i det første hundreåret. Kjettaren Apollinarius var biskop i Laodikea på 300-talet. Byen prega myntar frå tidlege tider.

Tidleg islamsk tid Laodikea fall til Rashidun-armeen i 638, under general Abu Ubaida, som visstnok hadde grave grøfter kring byen slik at sjølv menn til hest kunne rykke fram umerka. Dei lata som om dei skulle trekkje seg attende til Homs, men kom attende om natta og overraska innbyggjarane. Kristne som hadde drege frå byen fekk lov å vende heim att og forsette kyrkja si. Laodikea vart av muslimane kalla «al-Ladhiqiyah» eller «Latakia», og Umar ibn al-Khattab, den regjerande kalifen då han vert erobra, la han under Jund Hims.le Strange, 1890, s.35-36.

Under styret til umajjadane vart byen øydelagd av eit bysantinsk raid i 705 og igjen i 719, då ein bysantinsk styrke støtta av ein flåte brende ned byen og tok mange av innbyggjarane som fangar. Reparasjonar og gjenoppbyggingar av bygningane og festningsverka vart starta av kalifen Umar II, som òg betalte løysepengar for innbyggjarane til bysantinarane. Etterfølgjaren hans, Yazid II, betra festningsverka og forsterka den muslimske garnisonen.

Seint på 900-talet byrja bysantinarane, under keisar Nikeforos II, å utnytte forvirringa og ustabiliteten mot slutten av abbaside-tida, og erobra delar av det islamske området. I 970 fall Latakia, men i 980 tok fatimidane byen attende og den bysantinske guvernøren Karmaruk, vart seinare halshogd i Kairo. Til slutt, seint i hundreåret, fall han til tyrkarane som var leia av Banu Munqidh av Shaizar. Han avstod byen til seldsjukkar-sultan Malik Shah I i 1086. Mange av dei flotte, offentlege byggverka i Lattakia var alt i ruinar på den tida.

Krossfarar, Ajjubide-dynastiet og mamelukkane Dei første krosstoga nådde Syria i 1097, og den 19. august 1097, trengte 28 skip frå Kypros under Guynemer av Boulogne inn i hamna i Lattakia, plyndra byen og gjorde han ein del av Fyrstedømet Antiokia. Under krosstoget, vart den sørlege hamna til Lattakia og Baniyas gjeve til Robert av Normandie og Raymond av St. Gills. Nokre år seinare, i august 1099, kringsette Bohemond Lattakia med hjelp av flåten frå Pisa leia av erkebiskop Daiberto Lanfranchi. I løpet av få månader vart Bohemond teken til fange av Danishmend. Sjå månader seinare tok nevøen hans Tankred over trona og sette segl mot Lattakia igjen. Denne gongen fall byen til han i 1103 etter ei 18 månader lang omleiring.Riley-Smith, 2005, s.50 Året etter, tvang ein bysantinsk flåte under admiral Kantakouzenos nok ein gong frankarane til å kapitulere, sjølv om bysantinarane ikkje klarte å ta festninga. Det var ikkje før i 1108 at frankarane klarte å få kontroll over byen. Med hjelp frå flåten i Pisa, erobra Tankred Lattakia etter at Bohemond hadde lova han til keisar Alexios I Komnenos som ein del av Devol-traktaten i 1108. For tenestene sine fekk folket frå Pisa og Genova enklavar i byen, og rettar til å fri handel i hamna og fyrstedømet.

Under frankarane vart Lattakia kalla «La Liche», og dekte eit område på 22 kvadratkilometer, og bestod av tre fråskilde område. Hamna, som opphavleg var ei open bukt med kaianlegg i marmor lagt der av romarane, vart verande eit viktig handelssenter. Sjølve byen, som tidlegare var kringsett av eit lukka festningsanlegg, var no borte. På to åsar stod to borger som ruva over byen. I krossfarartida hadde byen franske innbyggjarar, ein større muslimsk folkesetnad og eit stort gresk-ortodoks samfunn. To av kyrkjene deira står framleis, Jomfrukyrkja og St. Nikolaskyrkja.

I 1126 vart byane Lattakia og Jableh ein del av medgifta til prinsesse Alice, dottera til kong Baldwin II av Jerusalem, som mislukkast i å prøve og halde på makta i Antiokia. Alice donerte seinare eit hus i byen til den kristne Johanittarordenen, som gjorde byen til hovudbasen sin i regionen. I april 1126 raida emiren Sawar, som var guvernør i Aleppo, og plyndra byen, og tok mange til fange og store mengder av skattane. Byen vart vidare øydelagd av jordskjelv i 1157 og 1170, i tillegg til åtak på hamna.

Den 21. juli 1188 nådde Saladin fram til murane i Lattakia og tvang fram ei kapitulering hos krossfararane to dagar seinare. På den tida hadde han vorte ein godt befesta og rik by. Saladin utpeikte emir Sunkur al-Kilati som guvernør og gav byen ein sterk muslimsk garnison. Guy de Lusignan, kongen i Jerusalem som vart teken til fange i slaget ved Hattin, sat visstnok fanga i Lattakia for løysepengar.Ring, 1994, s.454 I august 1190 hadde Saladin rive ned hamna for å hindre at han vart erobra igjen av det tredje krosstoget. Etter eit mislukka forsøk, klarte Bohemond II å ta byen for ei kort stund i 1197, men trekte seg attende etter kort tid. Igjen under muslimsk kontroll, vart byen bygd opp att og festninga restaurert. Frankarane i Tripoli og Johanittarordenen prøvde fleire gonger å angripe byen, men mislukkast. Tidleg på 1200-talet vart ein stor moské, Masjid al-Kabir, bygd.

I 1207 fekk det store venetianske samfunnet handelskonsesjon frå den muslimske guvernøren. Avtalen varte derimot ikkje lenge. I desember 1223 øydela ein arme frå Aleppo, i frykt for det femte krosstoget, alle forsvarsverka og tok festninga frå kvarandre. Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi skreiv at Lattakia under Ajjubide-dynastiet var «ein gammalgresk by, med mange antikke bygningar, og har fine område, og ei glimrande hamn.» Han nemnte òg at byen var tidlegare ein del av Jund Hims, men at han i 1225 høyrte til Aleppo-distriktet.Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s.490. Med den første mongolinvasjonen og då mamelukkane tok over makta, tok Bohemond VI byen og gav halve byen til Johanittarordenen som takk for å ha hjelpt til under erobringa. Genuesarane vart så gjenoppretta i byen på kostnad av venetianarane.