«All Tomorrow's Parties» er ein song av The Velvet Underground, skriven av Lou Reed og gjeven ut på debutalbumet til gruppa i 1967, The Velvet Underground & Nico.

I følgje Reed kom inspirasjonen til songen frå då Reed observerte Andy Warhol-klikken og han skildra forskjellige folk ved the Factory på denne tida. «Eg såg Andy. Eg såg Andy observere alle andre. Eg kunne høyre folk sei dei mest fantastiske ting, dei sprøaste ting, dei morosamaste ting, dei tristaste ting».Fricke, David (1995). Peel Slowly and See liner notes, s.22 Songen vart favoritten til Andy Warhol av The Velvet Underground.

Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut som singel i juli 1966 med «I'll Be Your Mirror» som b-side. Songen er om lag halvparten så lang som albumversjonen. Songen nådde ikkje singellista.

Innspeling Songen vart spelt inn i Scepter Studios i New York i april 1966. Han har eit pianomotiv spelt av John Cale, hovudsakleg basert på tonegrupper. Det var ein av dei første popsongane som nytta handsama piano.Mitchell, Tim Sedition and Alchemy : A Biography of John Cale, 2003, ISBN 0-7206-1132-6

Nico syng solovokal.

Andre versjonar Både Nico og Lou Reed har spelt inn soloversjonar av songen. Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Jun Togawa, Apoptygma Berzerk, Ass Ponys, Buffalo Tom, Japan, Bauhaus, Jeff Buckley, Icehouse, Los Tres, The Method Actors, Nick Cave and the Bad Seedshttp://www.covermesongs.com/2010/08/full-albums-the-velvet-underground-nico.html, the Oysterband, Tom Robinson, Kikka Sirén, Simple Minds, Siouxsie and the Banshees, Rasputina, Kendra Smith, Bryan Ferry, June Tabor, Johnette Napolitano, Iron and Wine, Deerhoof, Hole, The Music Tapes, Ordo Rosarius Equilibrio og Black Tape for a Blue Girl.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «All Tomorrow's Parties» frå , den 16. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Velvet Underground-songar Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Eksperimentelle rockesongar Kategori:Psykedeliske songar Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Nick Cave-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Simple Minds-songar