RS 52 «Ole O. Lian» er ei tidlegare redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet hos Lindstøl Skipsbyggeri i Risør i 1940. Ho var den siste av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassa som vart bygd for redningsselskapet. Ho vart bygd av midlar gitt av LO, og oppkalla etter fagforeiningsleiaren Ole Olsen Lian. Skøyta er bygd i eik. Dekket er av teak. Første motorinstallasjonen var ein 100/140 hk Union semidiesel.

Skøyta har gjennom 35 år i Redningsselskapet vore gjennom fleire oppgraderingar og ombyggingar. Ny motor, GM diesel 220 hk vart installert i 1965. Styrehus har vorte bytt to gonger, og mastene har vorte fjerna, slik at «Ole O. Lian» vart ei rein motorskøyte.

RS «Ole O. Lian» har i åra 1940–75 redda 24 personar frå ein sikker daude, og assistert til saman 680 fartøy. Ho har vore stasjonert i Langesund, Kilsund, Rasvåg, Tananger, Haugesund og fleire stadar i Nord-Noreg. Ho var og ein periode på Svalbard.

Skøyta vart i 1975 seld til fiskerifagskulen i Bodø. Der vart ho brukt som som opplæringsfartøy fram til 1994 under namnet «RAUD». Her fekk ho fleire oppgraderingar og meir moderne utrusting.

Skøyta er i dag i privat eige som veteranfartøy. Ho står på Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy. Fartøyet er i dag ytterlegare oppgradert teknisk med bl.a. moderne navigasjonshjelpemidel som radarar, elektroniske kart og GPS, nytt elektrisk anlegg og hovudmotor

Kjelde Denne artikkelen bygger på «RS «Ole O. Lian»» frå , den 17. april 2011.

Bakgrunnsstoff

Ole O. Lian Kategori:Skip frå 1940