Post kan vera:
Brev eller pakkar sende med postvesenet. Ein jaktpost er ein plass i terrenget der ein jeger sit og ventar på at viltet skal koma forbi. Ein orienteringspost er ein plass i terrenget som friluftsfolk, til dømes i orienteringsløp, freistar å finna. Ein post, eller postering, i ein database er ein variabel der ein bestemt type informasjon, som til dømes eit namn eller ein dato vert lagra. I rekneskap er ein post (eller ei postering) ei bokført inntekt, utgift, tilgodehavande eller gjeld. Ein påle eller stolpe, noko ein finn att i ord som vasspost.