My Life in the Bush of Ghosts er eit album frå 1981 av Brian Eno go David Byrne, kalla opp etter ein roman av Amos Tutuola frå 1954. Albumet vart gjeve ut på nytt i utvida format i 2006.

Albumet fekk særs god kritikk då det kom ut og vert i dag rekna som eit høgdepunkt i diskografiane til både Eno og Byrne.Brian Eno + David Byrne: My Life in the Bush of Ghosts : Reviews I eit intervju i 1985 sa songaren Kate Bush at albumet «sette eit stort merke på popmusikken»,Gaffaweb - Kate Bush - REACHING OUT - MTV - Unedited medan kritikar John Bush skildra det som «eit pionerarbeid for tallause stilartar knytte til elektronisk musikk, ambient musikk og verdsmusikk.» Den omfattande bruken av sampling på My Life vert generelt rekna som banebrytande—det var eit av dei første albuma der dette vart gjort i større omfang—men om det faktisk påverka den samplingsbasert musikken som kom seinare kan diskuterast.Popmatters Review: My Life in the Bush of Ghosts (2006 Reissue)

Innspelinga Eno og Byrne arbeidde først i lag då dei samarbeidde på More Songs About Buildings and Food, albumet frå 1978 av bandet til Byrne, Talking Heads. My Life vart hovudsakleg innspelt i ein turnepause etter Fear of Music (1979) og innspelinga av Remain in Light (1980), begge Talking Heads-album produserte av Eno. Utgjevinga av albumet vart forseinka då dei søkte om løyve til å nytte dei mange samplingane som vert nytta på albumet.Bush of Ghosts- Making Of Essay by David Byrne, 2005.

Musikken er basert på funk og verdsmusikk (særleg perkusjonsrytmar frå afrikansk musikk) og My Life liknar slik sett på musikken til Talking Heads på same tida. Byrne skreiv i plateomslaget til 2006-utgåva at dei ofte nytta vanlege trommesett, men at dei ofte bytta ut til dømes basstromma med ei pappøskje eller skarptromma med ei steikepanne, slik at den kjende trommelyden vart blanda med uvanlege perkusjonstonar.

I staden for vanleg synging, er det meste av vokalen samplingar frå andre kjelder, som reklamar med arabiske songarar, radiopratarar og ein eksorsist. Musikarar hadde nytta samplingar før dette, men kritikar Dave SimpsonBrian Eno and David Byrne, My Life in the Bush of Ghosts | | guardian.co.uk Arts hevdar at det aldri hadde vorte nytta med «ein slik enorm effekt» som på My Life.

Albumet vart laga utelukkande med analog teknologi, før digitale sekvensarar og MIDI vart oppfunnen. Dei sampla stemmene måtte synkroniserast med instrumentale spor via prøv-og-feile-metoden, noko som ofte var frustrerande.

2006-utgåva Albumet vart gjeve ut att på ny den 27. mars 2006 i samband med 25-årsjubileet for plata, og vart nymastra og gjeven ut med sju nye spor. To songar vart gjort tilgjengeleg for nedlasting på Internett. Ein kunne laste ned kvart enkelt lydspor og under Creative Commons-lisensen kunne ein lage sine eigne miksar som ein så kunne laste opp att på nettsida.

Songen «Qu'ran» vart fjerna frå denne utgåva utan kommentarar. Sporet vart derimot fjerna etter krav frå ein islamsk organisasjon i London, som hevda det var blasfemi at dei hadde lagt rytmar over opplesing frå Koranen.

Under arbeidet med nyutgjevinga i 2006, byrja Eno og Byrne å diskutere eit nytt prosjekt i lag, som vart albumet Everything That Happens Will Happen Today, som kom ut i 2008.

Innhald

På den andre utgåva frå 1982 vart sporet «Qu'ran» fjerna.

Medverkande David Byrne og Brian Eno – gitarar, bassgitarar, synthesizerar, trommer, perkusjon, tilfeldige gjenstandar John Cooksey – trommer på «Help Me Somebody» og «Qu'ran» Chris Frantz – trommer på «Regiment» Busta Jones – bassgitar på «Regiment» Dennis Keeley – bodhran på «Mea Culpa» Bill Laswell – bassgitar på «America Is Waiting» Mingo Lewis – bata, sticks på «The Jezebel Spirit» og «The Carrier» Prairie Prince – boks, basstromme på «The Jezebel Spirit» og «The Carrier» Jose Rossy – congaar, agong-gong på «Moonlight in Glory» Steve Scales – congaer, metal på «Help Me Somebody» David van Tieghem – trommer, perkusjon på «America Is Waiting» og «Regiment» Tim Wright – klikkbass på «America Is Waiting»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «My Life in the Bush of Ghosts (album)» frå , den 24. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Heimeside for nyutgjevinga og remiksar Nettside for 2006-utgåva

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:album produserte av Brian Eno Kategori:album produserte av David Byrne Kategori:Brian Eno-album Kategori:David Byrne-album Kategori:Eksperimentelle musikkalbum