mini|høgre|Volkswagen Touareg. Ein SUV (kort for sport utility vehicle ('sports- og nyttekøyretøy') er ei høgbygd stasjonsvogn med firehjulsdrift. I motsetning til konvensjonelle terrengbilar har denne typen sjølvberande karosseri og uavhengig hjuloppheng.
På grunn av firehjulsdrifta og stor frigangshøgd tek bilane seg godt fram i terrenget og har vorte populær hjå friluftsfolk.
SUV-ar har ofte kraftige bensin- eller dieselmotorar, stor masse og høgt drivstoffforbruk, noko som har ført til at dei har vorte kritiserte for å vera lite miljøvenlege.Teimansen, E., Store SUVer er ute, Dagbladet.no, 1/3-2007. Dei høgbygde karosseria resulterer i eit høgare massepunkt enn vanlege personbilar, noko som kan gå ut over køyreeigenskapane.Billing, M. og Sunde, S.S., SUV – farligere enn du tror' , Tryggtrafikk.no, 15/8-2008. Den store massen fører òg til at dei gjer stor skade på andre køyretøy når dei er involverte i kollisjonar.
Bilmodellar i 2018 Bilmodellar er mellom anna SEAT Ateca, Skoda Karoq og Volkswagen Tiguan
Sjå òg Firehjulsdrift Stasjonsvogn Minibuss
Kjelder
Kategori:Bilar