«Love You till Tuesday» er ein song skriven og gjeven ut av David Bowie. Han vart spelt inn 25. februar 1967 gjeven ut på singel 14. juli 1967 og albumversjonen kom ut på David Bowie. Albumversjonen vart spelt inn på ny 3. juni 1967 med strykarar arrangert av Ivor Raymonde. B-sida til singelen var «Did You Ever Have a Dream».

Singelen fekk god kritikk i musikkpressa og var fengande nok til at han kunne blitt ein hit i 1967, men som med dei tidlegare singlane hans, nådde han ikkje lista i Storbritannia. Ein av dei som var negative til songen var Syd Barrett som sa «Særs munter, men eg trur tærna mine rørte på seg i det heile tatt». Dette vart den siste nye utgjevinga hans for Deram.

Bowie spelte òg inn ein tysk versjon av begge songane på singelen, «Lieb' Dich bis Dienstag» og «Mit mir in Deinem Traum». Desse har aldri vorte gjevne ut offisielt.

Utstillingsvideoen til Bowie frå 1969, Love You till Tuesday, henta namnet sitt frå songen, som òg vert nytta under introduksjonen av filmen.

B-side B-sida «Did You Ever Have a Dream» vart spelt inn under den andre innspelinga for albumet David Bowie den 24. november 1966, men kom ikkje med på dette albumet.

Medverkande Musikarar: David Bowie: vokal, gitar Derek Boyes: orgel Dek Fearnley: bass John Eager: Trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love You Till Tuesday» frå , den 28. april 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Mike Vernon Kategori:Deram Records-singlar