«The Man Who Sold the World» er ein song av David Bowie. Songen er tittelsporet på det tredje studioalbumet hans, gjeven ut i USA i november 1970 og i Storbritannia i april 1971. Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Lulu, som nådde tredjeplassen i Storbritannia med songen i 1974 og Nirvana som spelte songen i 1993 for MTV Unplugged og introduserte songen for eit nytt publikum.

Songen vart omarbeidd av Bowie med ei kraftig basslinje, güiro som perkusjon og ein langt mørkare stemning for konsertane hans i 1995 og 1997, mellom anna på MTV Europe Music Awards i 1995. Bowie gjekk attende til å spele originalversjonen igjen i 2000-åra.

Inspirasjon og forklaring

Songen var den siste som vart skriven og innspelt for albumet

Tittelen på songen liknar på tittelen til science fiction-romanen av Robert A. Heinlein frå 1949, The Man Who Sold the Moon, som Bowie kjende til.King, Maureen, "Future Legends: David Bowie and Science Fiction", in The Man Who Sold the Moon er òg tittelen på ei novellesamling av Heinlein. I 1975 fortalte Bowie ein journalist at han hadde fått tak i filmrettane til til ein annan roman av Heinlein, Stranger in a Strange Land, og ønskte å skrive filmmusikken og spele rolla som Valentine Michael Smith. Sidan den gong har Bowie sagt at han har lese romanen, men aldri tenkt å lage filmen.(sjå Campbell, Virginia, "Bowie at the Bijou", i Movieline, april 1992, s. 35). Songen har ingen likskapar med soga i boka. Personen i songen møter ein slags dobbeltgjengar, som er indikert i det andre refrenget der «I never lost control» er byta ut med «We never lost control».King, Maureen, "Future Legends: David Bowie and Science Fiction", i Utanom dette er episoden ikkje forklart, som James E. Perone skreiv: Bowie møter hovudrolla i songen, men det er ikkje klart kva dette uttrykket tyder, eller kven eksakt denne mannen er. Hovudsaka med songen er at han måler - rettnok på ein flyktig måte - hovudrolla som nok eit døme på utskot i samfunnet, som det finst fleire av på albumet.

Som med mange av songane på albumet er temaet i songen samanlikna med grøsser-fantasy-verka til H.P. Lovecraft.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s. 38. Tekstane vert òg sagt å reflektere uroa Bowie hadde for spalta personlegdom, og vert trudd å vere delvis inspirert av diktet «Antigonish» av William Hughes Mearns:David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.100; [ Allmusic review]. allmusic.com. Henta 1. mai 2011.

I BBC Radio 1-programmet «ChangesNowBowie», som vart sendt 8. januar 1997, vart Bowie intervjua av Mary Anne Hobbs og vart spurt om songen. Bowie sa «Eg trur eg skreiv han fordi det var ein del av meg sjølv eg leitte etter. Kanskje no som eg føler meg meir komfortable med korleis eg lever og den mentale tilstanden min (ler) og den andelege tilstanden min eller kva det no er, kanskje eg føler at det på eit vis stemmer overeins no. For meg har songen alltid vore eit døme på korleis ein kjenner seg når ein er ung, når du veit at det er ein del av deg sjølv du ikkje har funne ut av enno. Du må ut på denne store leitinga, denne trongen til å finne ut kven du verkeleg er».

Innspeling og komposisjon Den siste dagen albumet vart miksa, hadde Bowie enno ikkje kome opp med tekst til songen. Visconti hugsa korleis han sat og venta ved miksebordet, medan Bowie sat i resepsjonen i Advision Studios og skreiv teksten. Bowie sprang så inn i studio, spelte inn vokalen og songen vart miksa i løpet av få timar, før lydbandet vart sendt av stad same kvelden. Dette vart òg tittelen på albumet, som tidlegare hadde meint å bli Metrobolis.

Arrangementa til Mick Ronson og Visconti, som med språket til Bowie, hadde vore tungt, mørkt og krampaktig gjennom det meste av plata, men på «The Man Who Sold The World» er alt mykje enklare og reinare. Opningsriffet på gitaren til Ronson er såpass enkelt at gitarlærarar nyttar det for å lære nybyrjarar. Riffet går gjennom heile songen. Forfattaren Chet Williamson skreiv om songen: «Melodien i riffet endrar seg ikkje. Det verkar å ikkje følgje noko toneart og står aleine, tilpassar seg sjølv til mørkret av d-moll, lyset i F og den forbigåande karakteren til A.» Refrenget er enno enklare. Visconti på bass, så Ronson, så Ralph Mace (eller Visconti) på klaver, alle følgje same vegen og spelar berre enkle skalaer.

Før Nirvana førte «The Man Who Sold the World» ut til dei store MTV-massane i 1990-åra, hadde Bowie berre vitja songen på ny to gonger. I 1973 produserte han og spelte på Lulu sin versjon av songen. Den andre gongen var då Bowie framførte songen i Saturday Night Live. MTV spelte Nirvana-konserten om att og om att i 1994 og mange ungdomar trudde at det var ein Nirvana-song, slik at Bowie stod i fare for å bli skulda for å covre ein av sine eigne songar, om han skulle hente songen fram att. Eit år seinare gjorde nettopp Bowie dette, men han snudde songen på hovudet. Han fjerna alt som var kjend med songen (vokalmelodien, gitarriffet, skalaene i refrenget) og hadde berre att teksten, over ein minimalistisk elektronisk rytme. Han song songen roleg og trist.

I 2000 spelte Bowie songen med det tradisjonelle arrangementet for BBC, og på turneen i 2003-2004 var songen fast på konsertane hans.

Andre utgjevingar «The Man Who Sold the World» kom ut i USA som B-sider til singlane «Space Oddity» (1972) og «Life on Mars?» (1973). Han finst òg på fleire samleplater av Bowie, som The Best of David Bowie 1969/1974 (1997), The Platinum Collection (2006) og Nothing Has Changed (2014).

Bowie spelte songen live i 1979 med Klaus Nomi og Joey Aries på Saturday Night Live. Ein del av dette showet finst i filmen The Nomi Song.

Ei nyinnspeling miksa av Brian Eno finst på singelen «Strangers When We Meet». Denne versjonen finst òg på bonussplata som følgde somme versjonar av Outside - Version 3.

Eit konsertopptak frå BBC Radio Theatre i London, den 27. juni 2000 vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000.

Eit konsertopptak finst på CD-utgåva av A Reality Tour frå 2010.

Midge Ure-versjonen av songen vart nytta under opningsscenen av videospelet Metal Gear Solid V: The Phantom Pain (2015).

Medverkande David Bowie: Vokal, akustisk gitar, orgel Mick Ronson: elektrisk gitar Tony Visconti: bassgitar Woody Woodmansey: trommer, perkusjon

Andre versjonar Lulu

Songen vart spelt inn av den skotske songaren Lulu i 1974, som spelte han i ein «sjuskete, nesten Berlin-kabaret-aktig stil».David Buckley (1999). Op. cit: s. 196. Han vart gjeven ut som singel den 11. januar 1974 og nådde tredjeplassen i Storbritannia. Lulu har fortalt at Bowie inviterte ho til ein konsert han gav, og møtte ho på hotellrommet seinare og sa «Eg vil lage ei jævel av ei plate med deg, fordi du er ein bra songar» Lulu har så fortalt at ho ikkje trudde det kom til å skje, men at Bowie tok kontakt to dagar seinare. «Eg syns han var überkul på den tida og eg ønskte berre å følgje han. Eg elska alt han gjorde. Eg syns ikkje 'Man Who Sold the World' var den beste songen for stemma mi, men det var ein sterk song i seg sjølv. Eg anar ikkje kva han handla om. I studioet bad Bowie meg røykje fleire sigarettar for å få ein viss kvalitet i stemma mi» Bowie produserte denne versjonen i lag med Mick Ronson under innspelinga av Pin Ups og spelte òg gitar, saksofon og song korvokal på versjonen. Resten av bandet bestod av Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass, Mike Garson på piano og Aynsley Dunbar på trommer.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op. cit.: s. 118.

Lulu-singelen kom ut 11. januar 1974 og vart septl av Lulu på Top of the Pops den 10. januar 1974. Songen klatra heilt til tredjeplassen på den britiske singellista.

Listeplasseringar Liste (1974)PlasseringBelgia (Ultratop)Lulu - The Man Who Sold the World - peak chart positions dutchcharts.com. Henta 20. januar 2016. 24Nederland 10Irish Singles ChartLulu - Irish Singles Chart peak positions irishcharts.ie. Henta 20. januar 2016. 8UK Singles Chart (Official Chart Company)Lulu - UK Singles Chart peak positions officialcharts.com. Henta 20. januar 2016. 3

Medverkande Lulu: vokal David Bowie: saksofon, korvokal Mick Ronson: gitar Trevor Bolder: bassgitar Mike Garson: piano Aynsley Dunbar: trommer

Richard Barone Songen vart spelt av den amerikanske songaren Richard Barone i 1987 for kammerpop-albumet Cool Blue Halo. Han nytta cello, akustisk gitar og symfonisk perkusjon.

Nirvana I dagboka si rangerte Kurt Cobain frå den amerikanske grungegruppa Nirvana albumet The Man Who Sold the World på 45. plass på lista si over dei 50 favorittalbuma hans.Kurt's Journals - His Top 50 Albums. www.nirvanaclub.com. Henta 1. mai 2011. Ei konsertopptak av songen vart spelt inn av bandet i 1993 under MTV Unplugged-framferda deira, og gjeven ut på MTV Unplugged in New York same året. Songen vart òg gjeven ut som singel for albumet og vart mykje spelt på radio. Musikkvideoen vart òg mykje vist på stasjonar som MTV. Nirvana spelte songen ofte på konsertane sine sidan, fram til Cobain døydde i 1994.

Etter denne versjonen kom ut jamra Bowie seg over at når han sjølv spelte songen så møtte han etterpå «ungdom som kjem opp til meg og seier, 'det er kult at du spelar ein Nirvana-song'. Og eg tenkjer, 'dra til hel... din vesle drit.»Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s. 138-139.

Listeplasseringar Liste (1995)Plassering Fransk radio 34

Liste (2012)PlasseringUK Rock and Metal13

Chart (2013)Position

Medverkande Kurt Cobain: vokal, sologitar Pat Smear: rytmegitar Krist Novoselic: bassgitar Dave Grohl: trommer Lori Goldston: cello

Andre versjonar Lea Laven som «Mies Joka Myi Maailman» på albumet Niin (1974). Midge Ure på filmmusikken til Party Party (1982). Denne versjonen finst òg på No Regrets: The Very Best of Midge Ure, og samleplatene The David Bowie Songbook og Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs. Versjonen vart i 2015 nytta i videospelet Metal Gear Solid V: The Phantom Pain. Here & Now på albumet Fantasy Shift (1983). Električni Orgazam på albumet Les Chansones Populaires (1983). Ed Kuepper på albumet The Exotic Mail Order Moods of Ed Kuepper (1995). Simple Minds på coveralbumet Neon Lights (2001). 3 Melancholy Gypsys sampla Nirvana-versjonen på songen deira «2010», som finst på Living Legends-albumet Legendary Music, Vol. 1. Jordis Unga på Rock Star INXS, òg gjeven ut som ein digital singel. Cocosuma på BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007). Apoptygma Berzerk nyttar gitarmelodien i ein konsertversjon av songen «Mourn», som ein kan høyre på albumet APBL2000 (2001). Cross Canadian Ragweed på konsertar The Meat Puppets har spelt inn songen. John Cougar Mellencamp gav han ut som bonusspor på albumet The Kid Inside (1983). Marcus Van Heller på albumet Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007). Mohsen Namjoo nytta hovudriffet på songen «Morq-e Sheidâ».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Man Who Sold the World (song)» frå , den 30. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Lulu-songar Kategori:Nirvana-songar Kategori:Simple Minds-songar