mini|upright|Heilage Sunniva mini|Likestillings- og diskrimineringsombodet Sunniva Ørstavik Sunniva er eit kvinnenamn avleidd frå angelsaksisk Sunngifu, der sunn tyder 'sol' og gifu 'gåve'. Det har namnedag den 8. juli, som er festdag for den heilage Sunniva.
Namnet kom til Noreg på 1000-talet. Det har avleidde former som Sunefa, Synniva og frå desse Synnøve. På Færøyane og Island er forma Sunneva utbreidd. Namnet er i dag meir brukt i Norden enn i den engelsktalande verda.
I 2011 var det norske kvinner som heitte Sunniva. Namnet hadde ein brukstopp rundt 2000, då oppimot 0,7 % av nyfødde jenter blei kalla Sunniva.
Kjende namneberarar Heilage Sunniva (900-talet), norsk helgen Sunniva McAlinden (f. 1963), norsk kunstnar Sunniva Gylver (f. 1967), norsk prest Sunniva Rødland Wettre (f. 1977), norsk harpist Sunniva Flakstad Ihle, norsk lokalpolitikar
Annan bruk Sunniva, figur frå Terje Formoe sine historier om Kaptein Sabeltann Sunniva, merkevare til TINE-selskapet FellesJuice St. Sunniva skole, katolsk grunnskule i Oslo
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sunniva» frå , den 8. mai 2011.
kategori:Kvinnenamn kategori:Førenamn av gammalengelsk opphav