For bilmerket Volga sjå Gorkovskij awtomobilnyj zavod

Volga er ei elv i Russland og den lengste elva i Europa. Volga er òg namnet på eit russisk bilmerke, oppkalla etter elva.

Elva Volga er 3 530 km lang. Heile elvelaupet ligg i den europeiske og mest folkerike delen av Russland. Elva har utspringet sitt i Valdajfjella i Novgorod fylke i Vest-Russland og flyt austover til Kazan. Derifrå fortset elva sørover til ho renn ut i Kaspihavet, 28 muh.

Volga har om lag 200 sideelvar. Dei største er Kama og Oka.

Det vert fiska mykje i Volga. Russisk kaviar kjem derifrå. Om vinteren er heile elva islagd. Då er isfiske, som oftast av gjedde, vanleg.

mini|venstre|Nedslagsfeltet til Volga.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Russland