Jakob VII av Skottland og Jakob II av England () vart skotsk, engelsk og irsk konge den 6. februar 1685. I engelskspråklege land er han kjend som James.
Han var den siste katolikken som var regjerande monark i desse landa. Mange av undersåttane hans hadde sterk mistru til religionspolitikken hans og påståtte eineveldige ambisjonar, noko som førte til at han vart avsett gjennom den ærerike revolusjonen.
Etter at han vart avsett i 1689 vart han etterfylgd av dotter si, Maria II og hennar protestantiske mann Vilhelm III i staden for den katolske son sin, James Francis Edward, som vart kjend som The Old Pretender.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jakob II av England» frå , den 19. mai 2011.
Kategori:Engelske monarkar Jakob 02 Kategori:Kongelege frå London Kategori:Hosebandsordenen Kategori:Engelske hertugar Kategori:Skotske hertugar Kategori:Hertugar av Albany Kategori:Hertugar av York Kategori:Hertugar av Albany Kategori:Irske jarlar Kategori:Jarlar av Ulster Kategori:Jakobittar i den vilhelminske krigen i Irland Kategori:Skotske monarkar Kategori:Engelske pretendentar til den franske trona