Ferdinand Christian Prahl () var ein jurist og stortingsmann frå Bergen. Han representerte Venstre. Michael Prahl var far hans.

Prahl vart student frå katedralskulen i Bergen i 1859. I 1866 vart han cand. jur. Etter ei studiereise utanlands vart han overrettssakførar i Bergen i 1869, dessutan var han medstyrar i familiefirmaet Fasmer & Søn. Frå 1898 var han dommar ved overretten i Bergen. I 1870-åra var han medarbeidar i Bergensposten og i Bergens Tidende. Medlem av representantskapet i Noregs Bank 1895-1908. Styremedlem i Vestmannalaget frå 1902.

Åra 1892-1900 var Prahl 4. representant frå Bergen på Stortinget, heile tida var han formann i protokollkomiteen. Han var 1893-1900 medlem av fullmaktskomiteen. Elles var han 1893 medlem av undersøkingskomiteen, 1897 av revisjonskomiteen, 1898-1900 av spesialkomiteen om budsjettet og av komiteen om den militære straffelova.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Bergen