Thore Torkildsson Foss () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Bjelland i Vest-Agder. Han representerte Venstre.

Foss var son til ein gardbrukar. Åra 1858 til -66 var omgangsskulelærar. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Tida 1873-1901 var han medlem av heradsstyret, og ordførar i 23 år. Han var forlikskommissær 1890-1906, og 1885-96 medlem av amtsutvalet, samt 1890-94 av amtsskulestyret. I tillegg var han medlem av kommisjonen om folkeforsikring og sjukeforsikring.

Foss representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1892-1906 og heldt fram som representant for krinsen Mandal til han døydde. Han var medlem av konstitusjonskomiteen 1892-97, sekretær i Odelstinget 1895-1900, medlem av valkomiteen 1898-1913, av vegkomiteen 1898-1913 (formann 1900-13), av fullmaktskomiteen 1898-1913. Frå 1900 til han døydde i 1913 var han medlem av Lagtinget, president 1900-03 og 1906-13. Elles var han medlem av komiteen om Mjøsreguleringa og i 1911 av spesialkomiteen om skilsdom. I 1903 var han medlem av deputasjonen Stortinget sende til opninga av Ofotbanen.

Han døydde i Kristiania i 1913.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Folk frå Marnardal