John Benbow () var ein engelsk offiser i Royal Navy. Han gjekk inn i marinen 25 år gammal og jakta mellom anna på algeriske sjørøvarar før han forlet marinen og gjekk inn i handelsflåten der han vart verande til den ærerike revolusjonen i 1688, då han vende attende til Royal Navy og vart utnemnd til offiser.
Benbow kjempa mot Frankrike i niårskrigen, og tente på og seinare kommanderte fleire engelske fartøy og tok del i Beachy Head, Barfleur og La Hogue i 1690 og 1692. Han vart kjend under felttoga mot Salé og mauriske sjørøvarar, kringsette Saint-Malo og kjempa i Vestindia mot Frankrike under den spanske arvefølgjekrigen.
Suksessen og ryet til Benbow gjorde han både til kjendis og at han vart forfremma til admiral. Han var så involvert i ei sak under kamphandlinga i august 1702, der fleire av kapteinane hans nekta å støtte han då han kommanderte ei skipsskvadron.Matthew, pp. 50-68. Benbow fekk fleire av kapteinane stilt for tetten og seinare fengsla eller avretta for dette, men han levde ikkje sjølv lenge nok til å oppleve dette. Desse hendingane medverka til ryet hans og fleire referansar til han i seinare populærkultur.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Benbow» frå , den 28. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Online:
Printed:
Kategori:Britar i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Britar i niårskrigen Kategori:Britiske admiralar Kategori:Folk frå Shropshire