Provinsen New Hampshire i Britisk Amerika var produktet av fleire engelske landkontraktar datert frå 1623 til 1680, og i mykje av kolonihistoria til kolonien var han underlagt Massachusetts-kolonien og leiarskapen i Boston.
Dei første busetjingane til kolonien var Little Harbor, Dover, Portsmouth og Exeter. Busetjinga i Exeter vart grunnlagt i 1638 av John Wheelright, ein disippel av Anne Hutchinson. Desse stadene vart samde om å bli sameint i 1639 og i 1641 gjekk dei med på å slutte seg til Massachusetts-kolonien. Kongen skilde New Hampshire ut i 1679 (som del av maktovertakinga til kong Karl II), samla han med Massachusetts igjen i 1699 og separerte han for siste gongen i 1691, då han vart den kongelege provinsen New Hampshire.
New Hampshire fekk ikkje eigen koloniguvernør før i 1741.
Det omstridde territoriet som vart tildelt New Hampshire (New Hampshire framsette krav på det, ein dommar gav det til New York), vart seinare staten Vermont.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Provinsen New Hampshire» frå , den 29. mai 2011.
Kategori:Historia til New Hampshire New Hampshire Kategori:Tidlegare britiske koloniar