Lappspissmus, Sorex caecutiens, er eit pattedyr i spissmusfamilien. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg og Baltikum i vest til stillehavskysten og Japan i aust. Ho føretrekkjer skogområde i taigaen, men finst òg i tundralandskap. Fordi ho har eit lågare næringsinntak enn større spissmus, kan ho overleva i mindre fruktbare område.IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Lappspissmusa vart ikkje påvist i Noreg før i 1964, men det viste seg då at tidlegare funn òg var av denne arten. Ho er funnen mest i Finnmark og Nord-Troms, men òg i fjellområde lenger sør.
Kjelder IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Referansar
kategori:pattedyr i Noreg kategori:spissmusfamilien