Fylkesveg 5602 går mellom Vangsnes og Fresvik i Vik kommune. Vegen er 35,9 km lang, inkludert armar til Åfedt, Grindedal og Tretteteig.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og traséen til Fylkesveg 5602 står av fylgjande gamle fylkesvegar:
Alle nemnde gamle vegnummer har nemninga i Sogn og Fjordane.
Gamalt vegnummer Strekkje Veglengd Fylkesveg 180 Vangsnes - Fresvik 25,2 km Fylkesveg 181 Osen (Feios) - Åfedt 3,4 km Fylkesveg 181 Feios - Grindedal 4 km Fylkesveg 184 Øyri (Fresvik) - Stokkebrua 2,3 km Fylkesveg 183 Stokkebrua - Tretteteig 1 km Fylkesveg 180 vart til i 2016 då gamle fylkesveg - og tidlegare riksveg 602 mellom Vangsnes og Feios blei slått saman med gamle fylkesveg 182 mellom Feios og Fresvik. Fylkesveg 183 arm mellom Stokkebrua og Tretteteig. Resten av Fv 183 er nå kjent som Fylkesveg 5603.
Historikk Dåverande Riksveg 602 vart påbyrja i 1959 frå Vangsnes, men arbeidet stoppa opp i Risjuvet etter eit par kilometer. Arbeidet starta ikkje oppatt før i 1968, og vegen vart ferdig til Feios i 1971. Frå Feios var gamle Fylkesveg 181 i Sogn og Fjordane allereie bygd frå Osen og innover begge sidene av Feiosdalen til Åfedt og Grindedal, og i tillegg til veg austover til Borlaug.
På denne tida høyrde Vangsnes, Freios og Fresvik til Leikanger kommune, og difor ynskte dei fleste i Fresvik veg langs fjorden til Feios for å kunna krysse fjorden mellom Vangsnes og Hella. Vegvesenet føretrakk eit billegare alternativ med kortare byggetid over Fresvikåsen til Simlenes og ny ferjekai med anløp for sambandet Kaupanger-Gudvangen. Ein av grunnane til dette er at vegutløysing med riksveg kravde at det budde minst 750 personar på staden, og i Fresvik hadde berre 300 innbyggjarar. Folket i Fresvik fekk i 1971 medhald frå fylkesutvalet i at vegutløysing mot Feios var det beste alternativet, og difor vart vegen opna i 1976 som Fylkesveg 182 i Sogn og Fjordane.
Kommunar og knutepunkt
Vangsnes
Feiostunnelen (772 m) Osen Arm Åfetvegen til Åfedt Feios Arm Lundsvegen til Grindedal Feios kyrkje Ramnabergtunnelen (1496 m)
Yste Jarvetunnelen (82 m) Trettetungenetunnelen (341 m) Øyri Arm Hovsvegen til Tretteteig Stokkebrua Storevegen Endepunkt Tretteteig Fresvik → Storevegen til Fletene, Stokkebrua og Krossveghola Fresvik kyrkje Endepunkt Fresvik brygge
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kristin Ese: «Vegutløysing for Fresvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
Kategori:Vegar i Vik