Fløytekonsert nr. 1 i G-dur (KV 313) er ein komposisjon av Wolfgang Amadeus Mozart som vart skriven i 1778. Verket vart bestilt av den nederlandske fløytisten Ferdinand De Jean i 1777. Mozart var meint å skrive fire fløytekvartettar og tre fløytekonsertar, men gjorde berre ferdig to av dei tre konsertar: KV 313 var den første.Flute Concerto No. 1 in G Major, K. 313 (K. 285c). Allmusic. Andante for fløyte og orkester KB 315 kan ha vorte skriven som ein alternativ langsam sats for dette solostykket.

Stykket er skrive for eit standard orkester med strykarar, to oboar (som er erstatta av to fløyter i adagio-satsen) og to valthorn.Huscher, Phillip. Program Notes. Chicago Symphony Orchestra, Carnegie Hall.

Stykket er delt inn i tre satsar: I. Allegro maestoso II. Adagio ma non troppo III. Rondo: Tempo di Menuetto

Opninga av den andre satsen vert ofte samanlikna med det kjende temaet frå An der schönen blauen Donau av Johann Strauss den yngre, som vart komponert mange år seinare.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flute Concerto No. 1 (Mozart)» frå , den 16. juni 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Solokonsertar av Wolfgang Amadeus Mozart Mozart 01 Kategori:Musikk i 1778