Chungking Mansions er ein bygning som ligg i 36-44 Nathan Road i bydelen Tsim Sha Tsui i Kowloon i Hongkong. Bygningen er kjend for å tilby nokre av dei billegaste alternativa for overnatting i Hongkong. Bygningen er i utgangspunktet eit bustadskompleks, men inneheld mange små gjestehus som tilbyr billeg overnatting, i tillegg til butikkar, etestader og andre tenester. Den uvanlege atmosfæren i bygningen er blitt samanlikna med den til den tidlegare Kowloon Walled City.

Folk av ulike etniske opphav held til eller treffer kvarandre her, særleg folk som stammar frå Sør-Asia, Midtausten og delar av Afrika som Nigeria.«China, hip-hop and the new Sudan». CNN. 4. februar 2011. Henta 4. februar 2011. Det blir drive kjøp og sal av ymse elektronikk, som mobiltelefonar og datamaskiner, klede og krydder her.

I kulturen Chungking Mansions inspirerte tittelen og miljøet i filmen Chungking Express (1994) av Wong Kar-wai. Wong voks opp i bydelen, og såg på Chungking Mansions som ein metafor for heile Honkong.J.D. Lafrance, 'Cinematic Pleasures: Chungking Express', Erasing Clouds 23 (2004)

I krimromanen 9 Dragons av Michael Connelly dreg detektiven Harry Bosch frå Los Angeles til Kowloon i Hongkong på leite etter ei forsvunnen dotter. Chungking Mansions er skildra av ein perosn i romanen som eir «postmoderne Casablanca i éin bygning.»

Galleri

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Chungking Mansions» frå , den 11. oktober 2019.

Bakgrunnsstoff Chungking Mansions

Kategori:Hongkong