Yichun er eit byprefektur nordvest i provinsen Jiangxi i Kina. Byprefekturet har eit areal på 18 669 km², halvparten er skogdekt, vel ein tredjepart er fjell. Totalt bur kring 5,1 millionar menneske i byprefekturet, av desse bur 1,1 million i byområde. 99,5% av folket er hankinesisk.

Landbruk er den viktigaste næringa, næringar basert på trelast og gruvedrift er svært viktig for økonomien. Her finst store reservoar av aluminium, wolfram, gull, sink og kopar. Yichun ligg langs den store jarnbanen som trafikkerar mellom Beijing og Nanchang, hovudstaden i Jiangxi.

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yichun, Jiangxi» frå , den 24. juni 2011.

Kategori:Jiangxi Kategori:Byar i Jiangxi Kategori:Byprefektur i Kina