Q er den 17. bokstaven i det latinske alfabetet.
Soge Egyptisk hieroglyf wj Fønikisk qof Gresk qoppa Etruskisk Q Romersk QV24Fil:PhoenicianQ-01.pngFil:GreekQ-01.png42pxQ
Q stammar frå den greske bokstaven qoppa (Ϙ, ϙ), som er avleidd frå fønikisk qof. Tidleg i gresk antikk brukte ein tidvis bokstaven som k-lyd framfor o og u. Han blei ikkje brukt som bokstav i klassisk gresk. Etruskarane og seinare romarane kalla bokstaven qu og brukte han først framfor o og u, der han kunne uttrykka k- eller g-lyd. Sidan blei han berre brukt framfor u.
Moderne bruk I dei fleste moderne europeiske språk blir q nesten berre brukt framfor u, og uttrykker konsonantgruppa /kw/. På dei nordiske språka blei q brukt saman med u eller v fram til første halvdelen av 1800-talet. Stavingsreformer erstatta han med k, og q er i dag nesten ikkje brukt i nordisk, bortsett frå i særnamn.
Q kan visa til Q-verdien til ein resonans Q, i fysikken vanleg symbol for elektrisk lading, for varmeenergi og for frigjort kinetisk energi i ein kjernereaksjon. Energien, Q-verdien, er positiv når energi som har vore bunden i atomkjernane som reagerer, går over til varme. Q er i matematikk mengda av alle rasjonale tal. ein rollefigur i bøkene og filmane om James Bond det britiske musikkmagasinet Q q er symbol for den britiske masseininga quintal. fleire forkortingar av latinske ord og namn, til dømes Quintus, quaestor, quartus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Q» frå , den 2. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Det latinske alfabetet