Conival (skotsk-gælisk Cona Mheall) er eit fjell i Skottland som ligg i Assynt i Sutherland-området i Highland, 30 km nord-nordaust for byen Ullapool.

Conival er eit særprega landemerke når ein kjem køyrande langs vegen A837 mot vest, der den 600 meter høge vestsida er godt synleg. Sjølve fjellet har ei høgd på 987 meter over havet og har status som Munro. Det ligg nær det meir kjende Ben More Assynt som ligg 1,5 km austover.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Conival» frå , den 29. juni 2011. oppgav desse kjeldene: The Munros, Scottish Mountaineering Trust, 1986, Donald Bennett (Editor) ISBN 0-0907521-13-4

Kategori:Fjell og åsar i Highland