Mickle Fell (norrønt Mikill, 'stort' og fell, 'fjell') er eit fjell i Penninane, ei rekkje fjell og åsar sentralt i Nord-England. Det har ei høgd på 788 meter over havet, om lag 15 km sør for Cross Fell.
Fjellet er det høgaste punktet i både County Durham og det historiske grevskapet Yorkshire.
Det utgjer ei lett kjennbar landskapsform som ein kan sjå frå fleire toppar i Lake District, mellom dei Blencathra, Helvellyn-kjeda og High Street.
Sør for Mickle Fell synk landet ned mot Stainmore Gap før det stig att mot Yorkshire Dales.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mickle Fell» frå , den 1. juli 2011 og 14. september 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell og åsar i Penninane Kategori:Fjell og åsar i County Durham Kategori:Fjell og åsar i Yorkshire Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i England