Trent er ei av dei største elvane i England. Ho spring ut i Staffordshire, mellom Biddulph og Biddulph Moor, og renn gjennom Midlands inntil ho ved Trent Falls renn saman med Ouse og dannar Humber, som renn derfrå austover til Nordsjøen. Elva er 298 kilometer lang. Ho renn nordover, noko som er uvanleg for engelske elver.

Trent renn forbi fleire byar, blant anna Stoke-on-Trent, Burton-upon-Trent, Derby, Nottingham, Newark og Scunthorpe.

Dei største sideelvane er Idle, Devon, Erewash, Soar, Derwent, Dove, Mease og Tame.

Trent markerer grensa mellom dei to engelske herolda Norroy og Clarenceaux. «Nord for Trent» er difor ein av fleire definisjonar på avgrensningen mellom Nord- og Sør-England.

Trent Aegir mini|venstre|Tidvassbølgja Trena Aegir sett frå West Stockwith, Nottinghamshire 20. september 2005 På visse tider på året kan det på dei nedre, tidvasspåverka delane av Trent finnast ei middels stor tidvassbølgje (opp til 1,5 meter høg), som er kjent som «Trent Aegir». Aegir finst når ein høg springflo møter vasstraumen frå elva, som går i motsett retning.Richard Stone, The Riv Trena, (2005), s.9, s.124, Phillimore & Co Ltd, ISBN 1-86077-356-7 Traktforma på elvemunningen forsterkar denne effekten, og skapar ei stor bølgje som kan merkast så langt oppstraums som til Gainsborough, og nokre gonger endå lengre. Men bølgja kan ikkje gå særleg langt forbi Gainsborough sidan forma på elva reduserer han til ikkje stort meir enn ei krusing. Nord for Newark-on-Trent i Nottinghamshire ligg tersklar i elva som stoppar bølgja fullt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «River Trent» frå , den 3. juli 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete langs Trent i Nottingham, frå Nottingham21 Trentvassdraget, forskningsprosjekt frå English Heritage og University of Birmingham Bilete av Trent i Nottingham

Kategori:Elvar i Derbyshire Kategori:Elvar i Lincolnshire Kategori:Elvar i Nottinghamshire Kategori:Elvar i Staffordshire Kategori:Sideelvar til Humber