Avon er ei elv i England, sørvest i landet. For å skilje ho frå fleire andre elvar som heiter Avon i Storbritannia, vert ho gjerne kalla Lower Avon eller Bristol Avon. Namnet Avon kjem av det walisiske ordet afon for «elv».

Avon spring ut nord for landsbyen Acton Turville i South Gloucestershire og deler seg i to før ho samlar seg att og renn gjennom Wiltshire. I dei nedre delane frå Bath til Severn-estauaret i Avonmouth nær Bristol er elva farbar og vert kalla Avon Navigation.

Avon er den 19. lengste elva i Storbritannia med ei lengd på 120 km, sjølv om det berre er 30 km i luftlinje mellom kjelda og munningen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «River Avon (Bristol)» frå , den 4. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bristol Kategori:Sideelvar til Severn Kategori:Elvar i Gloucestershire Kategori:Elvar i Somerset Kategori:Elvar i Wiltshire