Walbrook var namnet på ein av dei små bekkene som tidlegare rann ut i Themsen ved London, og som i dag er forsvunne eller fullt overbygd. Walbrook fekk truleg namnet sitt fordi ho rann under eller gjennom bymuren London Wall. Ho kom oppe frå Finsbury og rann ut i Themsen omtrent der Cannon Street Railway Bridge ligg i dag, og delte dermed romarane sitt Londinium i to.
For den romerske busetjinga tente Walbrook truleg både som drikkevasskjelde og kloakk. På den austre breidda bygde romarane eit Mithra-tempel, som vart funne og undersøkt under byggearbeid etter andre verdskrigen. På austbreidda låg òg palasset til den romerske guvernøren.
Det einaste minnet om bekken i dagens London er den vesle gata Walbrook mellom Cannon Street stasjon og undergrunnsstasjonen Bank. Gata følgjer det løpet som Walbrook hadde på denne staden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Walbrook» frå , den 7. juli 2011.
Kategori:City of London Kategori:Elvar i London Kategori:Sideelvar til Themsen