mini|Sjølvportrett av Filippo Lippi frå 'Kroninga av Jomfrua' Incoronazione della Vergine frå 1440-åra. Fra Filippo Lippi () eller Lippo Lippi var ein italiensk renessansemålar som høyrde til Quattrocento-rørsla.

Liv Lippi var fødd i Firenze. Han gjekk inn i karmelittfellesskapen fra Carmine i 1420, men forlét klosteret i 1432. Han førte eit omflakkande liv, ifølgje kunsthistorikaren Giorgio Vasari med mange eventyrlege opplevingar som ikkje er underbygde av anna dokumentasjon.

mini|venstre|La Lippina, «Madonna med to englar», skal ha hatt Lucrezia Buti som modell.

I 1456 blei han kapellan ved Santa Margherita-klosteret i Prato. Her hadde han eit tilhøve til nonna Lucrezia Buti, som han bortførte og fekk sonen Filippino med. Også sonen blei målar. Lippi døydde i Spoleto.

Verk Dei tidlege verka til Filippo Lippi er prega av innverknad frå Fra Angelico. Til desse høyrer stemningsbetonte bilde av Madonna som tilber jesusbarnet ute i naturen. Kunstverka til Lippi følgde tradisjonen etter Masaccio, men tilførte det «nordlege» element som realisme og fargehandsaming. Han plasserte dei kristne helgenane utan glorie i eit samtidig miljø. Bilda hans har nøyaktige perspektiv og er svært detaljrike. Bibelske motiv blei etterkvart brukt til å framstilla verdsleg prakt.

I åra 1465 til 1467 studerte Sandro Botticelli under fra Filippo Lippi.

I sine siste leveår smykka Lippi koret i domkyrkja i Spoleto med fresker over Marias liv (1467–69), eit kunstnarleg høgdepunkt.

Biletdøme

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fra Filippo Lippi» frå , den 7. juli 2011.

Kategori:Renessansekunstnarar Kategori:Folk frå Firenze Kategori:Italienske målarar Kategori:Målarar frå 1400-talet