Brunryggmaurfugl, Hylophylax naevioides, er ein liten fugl i maurfuglfamilien som finst i sørlege Sentral-Amerika og nordvestre Sør-Amerika.

Brunryggmaurfugl er ca. 11,5 cm lang, og er karakteristisk med den kvite undersida si hos begge kjønn. Hannen har mørkt oskegrått hovud og strupe, brunraud overside med kvite skulderflekker, vengene er svarte med breie raudbrune vengeband. Han har svarte flekker på brystet. Hoa er bleikare i alle farger, elles mykje lik.

Fuglane lever i underskogen i fuktig skog, også i skog i gjenvekst. Dei beitar ofte aleine, men kan òg opptre i små flokkar som følgjer vandremaurar.

Brunryggmaurfugl finst i landa Honduras, Nicaragua, Costa Rica, Panama, Colombia og i Ecuador, på vestsida av Andes, vesentleg i Esmeraldasprovinsen.

Kjelder Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8 BirdLife International (2014) Species factsheet: Hylophylax naevioides . Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2014.

Bakgrunnsstoff

kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar i Mellom-Amerika Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador