Bracknell er ein by i Bracknell Forest i Berkshire i England. Han ligg 18 km søraust for Reading, 16 km sørvest for Windsor og 53 km vest for London. Byen har opp under 80 000 innbyggjarar.
Namnet Bracknell vart først omtalt i Winkfield Boundary Charter i 942 som Braccan heal, og kan tyde «Kroken som høyrer til Bracca», frå gammalengelsk Braccan + heal, healh (eit hjørne, krok eller hemmeleg stad).Mills, A.D: A Dictionary of English Place-Names, page 46. Oxford University Press, 1991. Ei tidleg form av bynamnet Brakenhale finst framleis som namn på ein av skulane i byen.
Byen er omgjeve i aust og sør av dei store skogane Swinley Woods og Crowthorne Woods. Byområdet har vokse saman med fleire lokale utanomliggande område som Warfield, Winkfield og Binfield.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bracknell» frå , den 12. juli 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Berkshire