Lowestoft er ein by i Suffolk i Aust-England med omtrent 71 000 innbyggjarar. Han er den austlegaste busetnaden i Storbritannia, og ligg nordaust for Ipswich og søraust for Norwich.
Byen ligg på austsida av nasjonalparken The Broads ved breidda som blir kalla Oulton Broads og grensar til Nordsjøen. Han ligg rett ved det austlegaste punktet på Dei britiske øyane, Ness Point.
Historie Nokre av dei eldste spora etter menneske i Storbritannia er funne her. Flintverktøy funne i Pakefield-klippene sør for Lowestoft i 2005 gjer at ein kan spora menneskeleg busetnad her 700 000 år tilbake.S. Parfitt et al. (2006)
Staden var folkesett i yngre steinalder, bronsealderen og jernalderen, og i romersk og angelsaksisk tid. Det er gjort fleire funn ved ein saksisk gravlund i Bloodmoor Hill sør for Lowestoft.Cambridge Archaeological Unit A Roman and Saxon settlement at Bloodmoor Hill, Pakefield, Lowestoft . Retrieved 28 November 2009.Human influences , Waveney District landscape character assessment pp. 27–29, Waveney District Council, April 2008. Retrieved 18 April 2011. Stadnamnet er avleidd frå eit norrønt personnamn, Hlothver, og toft, norrønt for gard.A. D. Mills (1998), A Dictionary of English Place-names, 2nd ed., Oxford: Oxford University Press, p. 227. Historiske stavemåtar er Lothnwistoft, Lothuwistoft, Lestoffe, Laistoe, Loystoft og Laystoft.
Domesday Book frå 1086 oppgjev Lothuwistoft som ein landsby med 16 hushald, tre familiar, ti småbrukarar og tre slavar.Freeman E & J (2009) Old Lowestoft, Stanlake publishing, p. 3.Lowestoft , Domesday Map. Vitja 20. april 2011. I mellomalderen blei Lowestoft ein viktig fiskeby som kunne tevla med naboen sin i nord, Great Yarmouth.Lowestoft, Poppyland Publishing. Vitja 21. april 2011.
I den fyrste engelske borgarkrigen var Lowestoft knytt til rojalistane, som støtta kong Karl I av England, delvis på grunn av den økonomiske rivaliseringa med Great Yarmouth, som støtta parlamentet. I 1643 blei Lowestoft teken av av rojalistar, som så blei overvunne og fanga av Eastern Association-troppar leidde av Oliver Cromwell. Dette var det einaste slaget i Suffolk under borgarkrigen. Sjøslaget ved Lowestoft i juni 1665 var det fyrste slaget i Den andre engelsk-nederlandske krigen War. Slaget fann stad utanfor kysten, og enda med siger for engelskmennene.Battle of Lowestoft: notes , National Maritime Museum. Retrieved 21 April 2011.
Samuel Morton Peto bygde ut jernbanen til byen på 1800-talet, noko som førte til ei kraftig utvikling av økonomien. Peto fekk i oppdrag å byggja ei linje for Lowestoft Railway and Harbour Company som band byen saman med Reedham og Norwich.Port of Lowestoft , Lowestoft Maritime Museum, februar 2011. Vitja 15. april 2011. Jernbanen gjorde at ein kunne selja fisk til marknader i innlandet, og andre industriar som ingeniørfag utvikla seg gjennom auka handel med Kontinentet. Jernbanen gav også turistar lett tilgang til Lowestoft, som utvikla seg til ein blømande badeby.
Økonomi Tradisjonelle industriar
Fiske, særleg etter sild, var den viktigaste næringa for Lowestoft frå mellomalderen til midten av 1960-åra.
Lowestoft Porcelain Factory, som eksisterte frå 1757 til 1802, produserte krukker, tekanner og krus i mjukt porselen. Fabrikken blei reist på staden til ei tidlegare keramikk- eller mursteinomn, og blei seinare nytta til brygging og malting. Dei fleste attverande bygningane blei rivne i 1955.
Lowestoft er ein tradisjonell badeby som fyrst blei utvikla til dette føremålet på 1760-talet. Kysten er blitt kalla «Sunrise Coast». Hovudstrenden i byen ligg sør for hamn, der det finst to pirar, Claremont Pier og South Pier, og East Point Pavilion.Suffolk's beaches: Lowestoft, BBC Suffolk. Vitja 21. april 2011 Stranda sør for Claremont Pier har blått flagg.Blue Flag awards given to 55 beaches in England, BBC news website, 22. mai 2013. Retrieved 2013-05-22. Turisme er framleis ei viktig næring i byen.
Moderne økonomi
Større lokale verksemder er mellom anna frosenmatfabrikken Birds Eye, med 700 tilsette.'East Coast Inshore Fishing Fleet', Hansard, 14. oktober 2010. Vitja 21. april 2011.Farmers hit as Birds Eye, Lowestoft loses peas contract, BBC news website, 4. februar 2010. Vitja 21. april 2011.East Anglian pea farmers sign frozen food deal, BBC news website, 5. oktober 2010. Vitja 21. april 2011. Verksemda har halde til i byen i over 60 år.Jobs safe at Birds Eye factory, BBC news website, 7. november 2003. Vitja 21. april 2011. Matindustriverkemda Wessex Foods stengde fabrikken sin i Lowestoft i 2010 etter at han blei øydelagd av brann, og verksemda ikkje fann ein ny tilhaldsstad.Staff at fire-hit burger factory in Lowestoft lose jobs, BBC news website, 29. oktober 2010. Vitja 21. april 2011.
Frå midten av 1960-talet til seint 1990-tal gav petroleumsindustrien sysselsetting i området.Offshore industry timeline, Great Yarmouth Council. Vitja 21. april 2011. I mange år hadde Shell Southern Operations base på nordsida av Lowestoft Harbour, og var den største arbeidsgjevaren i byen. Shell-basen blei avgjort stengd i 2003.Talks over Shell shutdown, BBC news website, 3. april 2003. Vitja 14. juni 2009. Olje og gass er likevel framleis ei viktig næring.Great Yarmouth and Waveney March 2010 Shaping Norfolk's Future, March 2010. Retrieved 21 April 2011.International acclaim for innovation in oil and gas , Great Yarmouth marketing initiative, 17 May 2007. Retrieved 21 April 2011.Lowestoft delivers gas platform, associated British Ports, 11 May 2000. Retrieved 21 April 2011.
Byen har lagt ned ein innsats i å utvikla seg som senter for forybar energi i Aust-England.Lowestoft transport strategy , Suffolk County Council, 29 June 2011. Retrieved 26 January 2013.Plan for £6m green energy centre, BBC news website, 25 March 2005. Retrieved 21 April 2011. Ikkje-for-profitt-senteret Orbis Energy er blitt skipa for å trekka verksemder innan grøn energi til området, og har ein bygning med passiv solvarme.Meeting on green energy in East, BBC news website, 26 February 2007. Retrieved 21 April 2011.Low carbon work boosted by £80m, BBC news website, 26 December 2007. Retrieved 2011-04-21.Orbis Energy, Suffolk works. Retrieved 30 April 2011.OrbisEnergy Website. Retrieved 20 May 2009. I april 2009 kunngjorde Associated British Ports at hamna skulle bli operasjonssenter for Greater Gabbard wind farm, som etter planen skulle bli verdas største havvindkraftverk på 500 MW. Andre fornybare energiprosjekt er ein prototype for ein tidvasskraft-generator laga av det lokale føretaket 4NRGSuffolk firm's wave energy machine gets backing BBC news website, 2 February 2011. Retrieved 2011-04-21. og bølgjekraftsystem utvikla av Trident Energy.Wave power machine tested on land, BBC news website, 10 November 2010. Retrieved 21 April 2011.
Kultur Lowestoft har éin venskapsby, med byen Plaisir i Frankrike, og var òg ven med byen Katwijk i Nederland fram til 1990-talet.
Dei to rockegruppene The Darkness og Stone Gods kjem herifrå.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Lowestoft» frå , den 12. juli 2011.
Delar av denne artikkelen bygger på «Lowestoft» frå , den 12. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Suffolk