Kidderminster er ein by i Wyre Forest-distriktet i Worcestershire i England. Kidderminster har kring 55 000 innbyggjarar.
Byen ligg rundt 25 km sørvest for Birmingham og ligg ved elva Stour. Byen og området er nemnd i svært gamle kjelder, blant anna avgjorde Offa av Mercia ein tvist om området i 781. Dette førte til at det vart etablert fleire kloster i området, og den tidlegaste namneforma Chedeminstre er nemnd i Domesday Book i 1086. Seinare hadde byen fleire namneformer, som Kedeleministre eller Kideministre (på 1100- og 1200-talet), Kidereministre (framover mot 1400-talet), til dagens namn Kidderminster vart fastsett på 1500-talet.
Plasseringa ved elva, med tilhøyrande utbygging av Staffordshire and Worcestershire Canal, gav byen transporthøve, og særleg teppeindustri vart utvikla utover på 1700-talet. Denne har vore, og er framleis viktig for byen økonomi. Seinare vart byen òg knytt til jernbanenettet.
Kjente folk frå byen
Richard Baxter (1615–1691), prest og salmeforfattar Rowland Hill (1795–1879), lærar og sosial reformist Edward Bradley (1827–1889), forfattar John Wyer (1909–1989), motorsportsingeniør Robert Hamer (1911–1964), regissør og manusforfattar Peter Collins (1931–1958), Formel 1-sjåfør Robert Plant (1948–), musikar, stiftar av Led Zeppelin Alun Evans (1949–), fotballspelar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kidderminster» frå , den 13. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Worcestershire