Ampthill er ein liten by i Bedfordshire i det austlege England. Han ligg mellom Bedford og Luton, og er administrasjonssenter for distriktet Central Bedfordshire.
Ampthill har hatt ein marknad kvar torsdag gjennom fleire hundreår. I mellomalderen var Ampthill slott ei viktig festning. Katarina av Aragon vart halde på slottet medan ho venta på at rettssaka mot henne skulle starte. Det er i dag inkje igjen av slottet.
Den kjende arkitekten sir Albert Richardson budde i Ampthill frå 1919 til han døydde i 1964. Blant dei siste prosjekta hans var kontorbygningen til distriktsrådet i Dunstable Street, oppført 1963–1965.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ampthill» frå , den 14. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Bedfordshire