Winslow er ein marknadsby i Buckinghamshire i England. Han har vakse i nyare tid, men har halde mykje av det landlege preget sitt.

Historie Byen blir først nemnt i Den angelsaksiske krønika i år 795. Han blir kalla der Wineshlauu, som tyder «Wines haug». I Domesday Book (1086) kallast han Weneslai.

Winslow Hall ligg i byen, og blir rekna av mange som ein av dei finaste bygningane i grevskapet. Ein meiner han vart teikna av sir Christopher Wren omkring 1700, mot slutten av livet hans. Han er mindre enn fleire andre herregardar i området, men har ei utforming som skil han frå mengda.

mini|venstre|Hovudgata i 2007.

Soknekyrkja er vigd til St. Laurentius.

Byen hadde tidlegare ein jernbanestasjon, Winslow stasjon, på den såkalla «Varsity Line» mellom Oxford og Cambridge. Sporet ligg der enno, og det er eit lokalt ynskje om å få opna ei linje som gjer det lettare å pendle til andre byar som Milton Keynes, Aylesbury og Oxford.

Tradisjon Revehundane som deltek i Whaddon Chase har tradisjonelt vorte samla på torget i Winslow kvar andre juledag. Dette er ein stor fest i byen, som vanlegvis trekkjer meir enn tusen deltakarar. I 2003 vart det så mange at ein måtte halde arrangementet føre Winslow Hall i staden; den store folkemengda skuldast truleg tildels at det gjekk mot eit forbod mot revejakt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Winslow (Buckinghamshire)» frå , den 14. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Buckinghamshire