Nordsjørittet er eit 94 kilometer langt sykkellaup frå Egersund til Sandnes i Rogaland.
Nordsjørittet er ope for alle som har fylt eller fyller 17 år. Einaste kravet til ryttarane er at dei må bruka sykkelhjelm.
I 2008 var det 5 090 påmelde, 4 200 av desse kom til mål. I 2007 var det 3 120 påmelde, 2 786 av desse kom til mål. I 2006 var det 2 040 påmelde. I 2005 var det 1 755 påmelde. I 2004 var det 1 389 påmelde, 1 207 av desse kom til mål.
Løypa går gjennom skog og terreng, langs Nordsjøvegen, over Den vestlandske hovedvei og på Kongeveien.
Bakgrunnsstoff Nettstad for Nordsjørittet
Kategori:Sykkelritt Kategori:Idrettstilskipingar i Noreg