Easington er ein by i Durham i England. Han er administrasjonsby for og har gjeve namn til distriktet Easington.

Kolgruvedrift var tidlegare hjørnesteinsindustrien i Easington, og etter at gruva stengte i 1993 har byen slite med stor arbeidsløyse.

Easington er det einaste staden langs kysten i Storbritannia der ein finn magnesiumhaldige kalksteinsklipper.

Filmen Billy Elliot, der handlinga utspant seg i den fiktive byen Everington, vart for det meste spelt inn i Easington. Unntaket er scener frå ei gruve, som ein måtte til Ellington i Northumberland for å filme.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Easington (Durham)» frå , den 16. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Durham