Morpeth er ein liten marknadsby ved elva Wansbeck i Northumberland i England. Han er administrasjonssenter for grevskapet Northumberland, og for distriktet Castle Morpeth.

Byen fekk status som marknadsby (market town) under kong Johan utan land på 1100-talet. Han er no ein travel liten by, med gode kommunikasjonsruter til Newcastle, dit mange av innbyggjarane pendlar, og til Edinburgh. Det går òg direkte tog til London.

Turisme er ein veksande næringsveg, som elles i Northumberland. Blant attraksjonar er Chantry handverkssenter med eit sekkepipemuseum, og William Turners fysikkhage.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Morpeth» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Northumberland