Yeovil er ein by i Somerset i England. Han er administrasjonssenter for distriktet South Somerset. Namnet kjem frå keltisk gifl, som tyder delt elv.
Under den industrielle revolusjonen vart byen eit sentrum for hanskeproduksjon. Fotballklubben i byen, Yeovil Town, har av denne grunnen tilnamnet The Glovers. Den største arbeidsgjevaren i byen er Westland Helicopters.
Yeovil har to jernbanestasjonar, ein på linja Bristol-Plymouth, og ei på linja London-Exeter.
Forstader
Landsbyar som vert rekna som forstader til Yeovil er mellom andre:
Braford Abbas Corscombe East Coker, Evershot Halstock Pendomer Stoford, Sutton Bingham Yetminster
Enkelte av desse ligg i nabogrevskapet Dorset.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yeovil» frå , den 18. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Somerset Kategori:South Somerset