Wallsend er ein by i North Tyneside i Tyne and Wear i England. Namnet til byen kjem av at han ligg der Hadrianmuren i si tid slutta. Byen har litt over 40 000 innbyggjarar. Han ligg nær 5,5 km frå sentrum av Newcastle upon Tyne.
Historie thumb|left|Tospråkleg skilt ved metrostasjonen. I romersk tid bygde romarane festningen Segedunum (castrum) på staden for dagens by. Festningen låg ved den austlege enden av Hadrianmuren, nær breidda av elven Tyne, og utgjorde den austlegaste delen av muren.Richardson, William (1923): The History of the Parish of Wallsend. City of Newcastle Upon Tyne Education and Libraries Directorate. ISBN 1-857950-34-8. Han blei brukt som militær garnison i nær 300 år, frå 81 og fram til då romearane trekte seg ut av Britannia kring 410.
I dag ligg det eit museum ved ruinane etter den romerske festningen som heiter Segedunum Roman Fort. Det har utstillingar om romersk historie, rekonstruksjonar og ein seksjon av den romerske muren som ein gong stod på staden.
Den moderne historia til Wallsend har vore prega av kolgruvedrift og skipsbygging. Det meste av den eldste industrien her var knytt til utvinning av kol. Kolgruvedrifta bestod av sju gruver som var aktive mellom 1778«History of Wallsend Parks» , North Tyneside Council og 1935.«Wallsend Colliery, also known as Russell's Wallsend», Mining Museum I Wallsend låg også Wigham Richardson skipsverft, seinare slått saman til Swan, Hunter & Wigham Richardson. Det bygga passasjerskipet RMS «Mauretania» i 1906, som då var verdas største skip.«Tyne & Wear Archives Service Mauretania»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wallsend» frå , den 18. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori: Byar i Tyne and Wear