Pudsey er ein by i West Yorkshire i England. Han har sidan 1974 vore ein del av City of Leeds, og er dermed ein by innanfor ein annan by. Pudsey ligg midtvegs mellom Leeds og Bradford. Ved folketeljinga i 2011 hadde han 22 408 innbyggjarar.
Historie
Pudsey er nemnd i Domesday Book frå 1086 som Podechesai(e).
Byen er kjend som eit sentrum for ullproduskjon på 1700- og 1800-talet. På 1800-talet blei han også kjend for cricket. Fleire kjende cricketspelarar, som sir Len Hutton, Herbert Sutcliffe og Ray Illingworth, lærte å spele i Pudsey.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pudsey» frå , den 18. juli 2011.
Kategori:Byar i West Yorkshire Kategori:Leeds