Ilford er ein stor by i den nordaustlege bydelen Redbridge i London, kring 15 km nordaust for Charing Cross. Ilford var opphavleg ein eigen by, men har vorte absorbert av London.

Historisk var Ilford ein liten landsby i Barking i Becontree hundred i det historiske fylket Essex. Plasseringa hans ved elva Roding og vegen mellom London og Colchester gjorde han til ein nyttig stoppestad for vogntransport. Då han fekk jernbanesamband med London og Aust-England i 1839 byrja ein kraftig vekst. Staden er i dag i all hovudsak eit bustadområde, der dei fleste pendlar inn til det sentrale London. Drosjesjåførane i byen skal vere overrepresentert i området.

Fleire større selskap har vorte oppretta i Ilford, med film- og kjemikalieprodusenten Ilford som den mest kjende. Det vart oppretta i 1879 under namnet Britannia Works, og produserte opphavleg fotoplater. Seinare har dei vorte kjent for sine svart/kvit-filmar og fotopapir, som blir rekna for å vere av særs høg kvalitet. I 1989 vart selskapet kjøpt opp av eit amerikansk selskap, og hovudkvarteret er flytta til Knutsford i Cheshire.

Eit anna viktig firma var Plessey, som produserte radio-, elektronikk- og telekommunikasjonsutstyr. Det vart grunnlagt i Marylebone i 1917, men flytta til Ilford i 1919. I 1998 vart firmaet kjøpt opp, og fabrikken i Ilford vart nedlagt.

Kollektivtransport

Dei næraste stasjonane er:

Barking stasjon Ilford stasjon Gant sine Hill undergrunnsstasjon Redbridge undergrunnsstasjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ilford» frå , den 19. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Redbridge Kategori:Byar i Stor-London