Redcar er ein ferieby ved kysten av grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 37 000 innbyggjarar. Han ligg 12 km nordaust for Middlesbrough ved kysten av Nordsjøen.
mini|venstre|Redcar i 2005.
Redcar har opphav som ein fiskelandsby frå tidleg på 1300-talet og gjorde handel med den nærliggande, større marknadsbyen Coatham. Fram til 1800-talet var han ein del av soknet Marske-by-the-Sea, før han voks fram som ein feriestad. Då jernbanelinja mellom Middlesbrough og Redcar opna i 1846, vart Redcar ein feriestad for victorianske turistar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Redcar» frå , den 19. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i North Yorkshire