Kjøllefjord er ein tettstad i Lebesby kommune, nordaust i Finnmark. Staden har . Tettstaden ligg inst i Kjøllefjorden, på vestsida av Nordkinnhalvøya, og er administrasjonssenteret i kommunen.
Kjøllefjord er òg eit kyrkjesokn i Den norske kyrkja.
Historie Kjøllefjord vart som resten av Finnmark rasert av den tyske krigsmakta då dei måtte trekkje seg attende frå området i 1944.
Samferdsle og næringsliv Hurtigruta har daglege anløp i Kjøllefjord.
Den viktigaste næringsvegen er fiske og fiskeindustri.
Verdas nordlegaste bokhandel er Nordkyn bok og papir i Kjøllefjord.Jens Kihl. Rekordbygda: Under-dog. Klassekampen. 2018-07-17. S. 11
Geografi
Staden ligg mindre enn ein breiddegrad frå det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet, og han ligg tre lengdegradar frå Hornøya, det austlegaste punktet i Noreg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kjøllefjord» frå , den 28. mai 2005, revisjon 173865
Kategori:Busetnader i Lebesby Kategori:Tettstader i Finnmark Kategori:Kommunesenter i Finnmark Kategori:Hurtigruteanløp i Finnmark