«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue utgjeven som den fjerde singelen frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite (2010).
Informasjon «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart skriven av Finlay Dow-Smith, Miriam Nervo og Olivia Nervo. Songen vart produsert av Starsmith og Stuart Price. Ettersom singlane «Better than Today» og «Get Outta My Way» ikkje selde så bra som Minogue hadde håpa, kunngjorde ho at det ville ikkje koma fleire singlar frå albumet. Dette gjekk plateselskapet seinare tilbake på og annonserte at «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» ville kome ut som digital singel den 31. mai 2011. Utgjevingsdatoen vart seinare flytt til 5. juni av hovudselskapet hennar, Parlophone Records.
Utgjeving og listeplasseringar Singelen kom først ut i Japan den 29. mai 2011 som ein digital versjon inkludert eit nytt spor som heiter «Silence». Denne og ein annan versjon med remiksar vart begge utgjevne i Europa og i Australia. Spora på CD-en vart òg utgjevne digitalt, slik at totalt tre ulike digitale versjonar kom ut i Australia. Biletet for dei fleste utgjevingane viser Minogue i ein Dolce & Gabbana-drakt designa for turneen hennar, Aphrodite: Les Folies Tour.
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» låg ei veke på fleire hitlister, mellom anna i Australia, Austerrike og Storbritannia. Singelen nådde som nummer 50 i Australia på ARIA Charts og som nummer 93 i Storbritannia på UK Singles Chart. I Belgia nådde songen opp som nummer 48 den 11. juni 2011 og nummer 36 den 25. juni 2011 på Ultratip. I USA nådde singelen nummer 41 på Billboard (Hot Dance Club Songs) den 9. juli 2011 og førsteplass den 3. september 2011. Alle singlane frå Aphrodite har nådd førsteplass på denne topplista.
Format og sporliste Digital EP «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» – 3:38 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix) – 7:54 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Basto's Major Mayhem Edit) – 3:00 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Live from Aphrodite: Les Folies Tour) – 3:49 «Silence» – 3:42
The Remixes digital EP «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Nervo Hands Up Extended Club Mix) – 6:57 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Basto's Major Mayhem Mix) – 5:22 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Basto's Major Mayhem Dub) – 5:50 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Bimbo Jones Remix) – 6:02 «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix Edit) – 4:37
Australsk iTunes EP og CD single «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix - Radio Edit) «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (Pete Hammond Remix) «Cupid Boy» (Live from London) «Cupid Boy» (Stereogamous Vocal Mix)
Personell
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» Starsmith – låtskrivar, produsent Miriam Nervo – låtskrivar Olivia Nervo – låtskrivar Stuart Price – assistent produsent Kylie Minogue – vokal
«Silence» (B-side) Kylie Minogue – vokal Stuart Price – writer, co-producer Chris Bruce – writer Henry Samuel – writer
«Cupid Boy» (B-side) Sebastian Ingrosso – låtskrivar, produsent Magnus Lidehäll – låtskrivar, produsent Nick Clow – låtskrivar Luciana Caporaso – låtskrivar Stuart Price – produsent
Topplisteplasseringar Toppliste (2011)ListeplasseringAustralia (ARIA Charts)50Austerrike (Ö3 Austria Top 75)38Belgia (Ultratip Flandern)36Storbritannia (UK Singles Chart)93USA (Billboard Hot Dance Club Songs)1
Utgjevingshistorie Land Dato Format Plateselskap Danmark 29. mai 2011 Digital EP 1 EMI Frankrike Tyskland Irland Japan Storbritannia Parlophone Danmark 3. juni 2011 The Remixes digital EP EMI Frankrike Tyskland Irland Japan Austerrike Digital EP 1, The Remixes digital EP Belgia Finland Italia Nederland Sveits New Zealand Digital EP 1, Digital EP 2, The Remixes digital EP Warner Music Australia Australia Storbritannia 5. juni 2011 The Remixes digital EP Parlophone Canada 7. juni 2011 Digital EP 1, The Remixes digital EP Astralwerks USA Spania EMI Australia CD single Warner Music Australia
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» frå , den 19. juli 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Minogue
Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 2010 Kategori:Singlar frå 2011 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista