François Diday () var ein sveitsisk kunstmålar. Han var både fødd og døydde i Genève.
Diday utdanna seg til målar i Paris, og slo seg deretter ned i fødebyen. Han la ut på reiser til Italia, men heldt seg i hovudsak i Sveits. Ganske ofte stilte han ut verk på salongen i Paris, og var tildelt medaljar både i 1840 og 1841. Alexandre Calame og Charles Giron var mellom dei som gjekk i lære hos han. Han testamenterte den store formuen sin, 400 000 francs, til heimbyen Genève.
Måleria hans er prega av storarta utsikter, naturtru framstilling og sikkert val av fargar.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sveitsiske målarar
Denne artikkelen bygger på «François Diday» frå , den 24. juli 2011.