mini|venstre|Familiebilete, 1903

Albert Welti () var ein sveitsisk kunstmålar og raderar.

Welti var frå Zürich, der far hans var fraktemann. Sjølv studerte han ved kunstakademiet i München. Han vart påverka av Arnold Böcklin sin kunst. Tema som går att i verka hans er skildringar av draum og mareritt. Hans mest kjente verk er veggmåleriet Die Landsgemeinde, som prydar sørveggen i tingsalen på parlamentsbygninga i Bern. Verket vart fullført to år etter han døydde, av William Balmer. Welti var ein nær venn av Hermann Hesse. Han døydde i Bern.

Albert Welti var far til forfattaren og målaren Albert J. Welti, onkel til Arthur Welti og oldefar til Sophie Hunger.

mini|370px|Folkeforsamlinga (Die Landsgemeinde), 1912

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sveitsiske målarar

Denne artikkelen bygger på «Albert Welti» frå , den 24. juli 2011.